Gudenå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°10′32.725″N 9°36′56.822″E

Gudenå
Gudenå nær Smingesjøen
Gudenå nær Smingesjøen
Utspring Tinnet Krat
- Høgd 65 m
Munning Randers fjord
Land i nedslagsfelt Danmark
Lengd 160 km
Middelvassføring 36,6 m³/s

Gudenå, òg kalla Gudenåen, er ei elv på Jylland, og den lengste elva i Danmark. Ho renn 160 km frå Tinnet Krat, mellom Nørre Snede og Tørring-Uldum, og munnar ut i Randers fjord. Ho renn gjennom dei tidlegare fylka Vejle, Århus og Viborg, som no er vorte Region Midtjylland og Region Syddanmark. Elva renn òg mellom anna gjennom vatna og innsjøane Sminge Sø, Silkeborg Langsø, Brassø, Borre Sø, Julsø, Biksø, Rye Mølle Sø, Gudensø, Mossø, Vestblik Sø og Naldal Sø.

Gudenå vart danna for 15 000 år sidan under den siste istid, då is og brestraumar grov ut elveleiet hennar. Ho inneheld mange dyreartar og er ein viktig del av dansk kultur.