Mound Builders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monks Mound, bygd ca. og ligg på Cahokia Mounds UNESCO World Heritage Site nær Collinsville i Illinois, er det største førkolumbiske jordverket i Amerika nord for Meso-Amerika.

Mound Builders (‘haugbyggjarar’) er blitt nytta om mange førkolumbiske kulturar i Nord-Amerika. Termen har inga formell tyding. Han viser ikkje til spesifikke folk eller arkeologiske kulturar, men til karakteristiske jordverk som innfødde innbyggjarar laga i ein lengre periode på over 5000 år. «Mound Builder»-kulturen strekkjer seg over perioden frå ca. 3500 f.Kr. (bygginga av Watson Brake) til det 1500-talet e.Kr., inkludert den arakiske perioden (Horr's Island), Woodland-perioden, (Caloosahatchee, Adena og Hopewell-kulturen) og Mississippikulturen. Geografisk opptredde desse kulturane i området kring Great Lakes, i dalen kring Ohioelva, Florida, og området kring Mississippielva med bielvar.[1]

Den fyrste haugbygginga var ein tidleg markør på politisk og sosial kompleksitet blant kulturane i austlege USA. Watson Brake i Louisiana, bygd rundt 3500 f.Kr. i den mellomarkaiske perioden, er det eldste kjente og daterte haugkomplekset i Nord-Amerika. Det er eit av 11 haugkompleks frå denne perioden som er funne i den nedre Mississippi-dalen.[2] Desse kulturane hadde generelt utvikla hierarkiske samfunn som hadde ein elite. Dei kunne ha hundrevis eller til og med tusenvis av arbeidarar til å grava tonn med jord for hand med dei reiskapane som fanst, flytta jorda over lange avstandar, og til slutt, ha nok arbeidarar til å skapa formene med fleire lag jord under leiing av byggherrar. Men dei tidlege haugane som er funne i Louisiana blei laga før framveksten til slike kulturar, og var eit produkt av jeger-sankarkulturar.

Frå kring 800 e.Kr. var dei haugbyggande kulturane dominert av Mississippikulturen, ein stor arkeologisk horisont. Dei yngste etterkomarane av denne, Plaquemine-kulturen og Fort Ancient-kulturen, var framleis aktive på tida då dei kom i kontakt med europearar på 1500-talet. Ei gruppe av Fort Ancient-kulturen er blitt identifisert som mosopeleafolk, og var truleg frå Søraust-Ohio og snakka eit Ohiodal- eller søraustleg siouxspråk. Folk i Plaquemine-kulturen var truleg talarar av det isolerte natchez-språket. Dei fyrste skriftlege skildringane av desse kulturane blei gjort av medlemmar av ekspedisjonen til den spanske utforskaren Hernando de Soto, mellom 1540 og 1542.

Haugar[endre | endre wikiteksten]

Diagram av ein plattformhaug som viser dei ulike laga i ein slik haug.

Kjenneteiknet til Mound Builder-kulturane var bygginga av haugar og andre jordverk. Desse gravstad- og seremonielle strukturane var typisk pyramidar eller plattformhaugar med flate, avrunda eller avlange toppar og til tider ei rekkje andre former. Dei blei generelt bygde som ein del av komplekse landsbyar. Dei tidlege jordverka som blei bygde i Louisiana rundt 3500 f.Kr. er dei einaste ein kjenner til blei bygde av ein jeger-sankarkultur, i staden for ein meir bufast kultur som bygde på jordbruksoverskot.

Den best kjende pyramidestrukturen med flat topp er Monks Mound i Cahokia, i nærleiken av dagens Collinsville i Illinois. Dette samfunnet var sentrum for Mississippikulturen. Pyramidehaugen verker ha vore den største seremonielle og bustadhaugen for dei religiøse og politiske leiarane; han er over 30 meter høg og er det største førkolumbiske jordverket nord for Mexico. På staden var det mange haugar, nokre med koniske eller ridge toppar, og også palisade stokkader som verna den store bosetinga og elitkvarteret. På sitt maksimale omkring 1150 e.Kr. var Cahokia ein bybygging med 20.000-30.000 menneske. Denne folkesetnaden vart ikkje overgått av nordamerikanske europeiske bosetningar før etter 1800.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mound Builders