Mount Dudley
Mount Dudley | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
- høgd | 1 375 moh. | ||
- koordinatar | 68°16′S 66°30′W / 68.267°S 66.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Dudley 68°16′00″S 66°30′00″W / 68.2667°S 66.5°W | |||
Mount Dudley er eit fjell over 1375 moh, som ligg inst i Nenyfjorden og som grensar i nord og aust til Nenybreen, på vestkysten av Graham Land. Vestsida av dette fjellet vart først grovt kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill. Heile fjellet vart kartlagd i 1940 av U.S. Antarctic Service. Det vart fotografert frå lufta og bakken av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i 1947–48 under Finn Rønne, som namngav det etter Harold M. Dudley, administrasjonssekretæren i American Council of Commercial Laboratories, Inc. i Washington, D.C. som støtta RARE med forskjellig utstyr.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Dudley, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dudley, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).