British Graham Land Expedition

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

British Graham Land Expedition (BGLE) var ein forskingsekspedisjon til Graham Land i Antarktis som vart gjennomført i perioden 1934–1937. Under leiing av John Riddoch Rymill var ekspedisjonen to år i Antarktis. BGLE utnytta ein kombinasjon av tradisjonelle og moderne utforskingsmetodar og nytta både hundesledar, motorsledar og eit éinmotorsfly (de Havilland Fox Moth) for å kome seg fram. Reisa til Antarktis føregjekk med den eldre, tremasta seglskuta «Penola», som hadde ein upåliteleg hjelpemotor.[1] Ekstra forsyningar vart frakta med skipet «Discovery II».

Ekspedisjonen var ein av dei siste privatfinansierte antarktiskekspedisjonane; berre ein liten del av utgiftene vart dekt av britiske styresmakter. Sjølv om ekspedisjonen hadde eit veldig lite budsjett, var det vitskaplege utbyttet vellukka. 1600 kilometer av kysten av Antarktishalvøya vart flyfotografert og kartlagt, og det vart fastslått at Graham Land var ei halvøy, ikkje eit arkipel.[1] Sledeparti nådde 72° sørleg breidde ved George VI Sound. Observasjonar og undersøkingar innan meteorologi, tidvatn, geologi, glasiologi og biologi inngjekk i det vitskaplege arbeidet.[2]

Vinterkvarter den første sesongen vart etablert på den vesle øya Winter Island i øygruppa Argentine Islands. Ei gruppe på ni menn overvintra i ei hytte som vart oppført på øya, medan sju menn overvintra ombord i ekspedisjonsfartøyet «Penola».[2] Vinteren 1936 tilbrakte ni mann på Barry Island, medan «Penola» segla til Falklandsøyane og Sør-Georgia for ornitologiske undersøkingar.[2]

Alle dei seksten medlemmane som overvintra mottok Polarmedaljen. Éin av deltakarane på BGLE, Brian Birley Roberts, medverka seinare til å utarbeide Antarktistraktaten.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 David McGonigal Antarctica: Secrets of the Southern Continent, Frances Lincoln Ltd, 2009 ISBN 0711229805, side 334-33
  2. 2,0 2,1 2,2 Robert K. Headland (2009) A Chronology of Antarctic exploration, s. 298 – Quaritch. ISBN 978-0-9550852-8-4.
  3. Gordon Elliott Fogg A history of Antarctic science Cambridge University Press, 1992 ISBN 0521361133 s.178-179

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]