Finn Rønne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Rønne

Fødd20. desember 1899
Horten kommune
Død12. januar 1980
Bethesda
NasjonalitetNoreg
Yrkeoppdagar, offiser
EktefelleEdith Ronne

Finn Rønne, på engelsk òg Finn Ronne (fødd 20. desember 1899 i Horten, død 12. januar 1980), var ein norsk-amerikansk antarktisutforskar.

Finn Rønne var son av Martin Rønne som deltok på Fram-ekspedisjonen til Roald Amundsen 1910–1912. Rønne emigrerte til USA i 1923 og vart amerikansk statsborgar i 1929. Etter å ha jobba for Westinghouse Electric Corporation i nokre år, deltok han i to av Richard E. Byrd sine ekspedisjonar til Antarktis.

Etter å ha tenestegjort fleire år i United States Navy, der han oppnådde grada kaptein, vende Rønne tilbake til Antarktis i 1940-åra med støtte frå American Geographical Society. Ronne Antarctic Research Expedition frå 1946 til 1948 kartla og utforska kystlinja av Weddellhavet og sette ei rekkje polarrekordar. Rønne la attende 5 800 kilometer på ski og hundesledar – meir enn nokre andre i historia. Kona hans Edith var med han på denne ekspedisjonen som historikar og nyhendekorrespondent. I 1950-åra organiserte marinen Operasjon Deepfreeze for å utfylle kartlegginga av Antarktis og etablere forskingsstasjonar. Rønne vart vitskapleg og militær leiar for ein amerikansk base ved Weddellhavet.

Rønne skreiv ei rekkje bøker om Antarktis og mange vitskaplege artiklar om polarforsking. Han mottok ei rekkje medaljar og utmerkingar for tenesta si, den geografiske utforskinga og det vitskaplege virket. Han mottok òg St. Olavs Orden. Finn Ronne Memorial Award blir delt ut av The Explorers Club til einskildpersonar som har utmerkt seg innan polarforskning.[1] Filchner-Ronne-isen inst i Weddellhavet er kalla opp etter han og den tyske polarforskaren Wilhelm Filchner.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Antarctic Conquest (1949, med L. Sprague de Camp)
  • Antarctic Command (1958)
  • Ronne Expedition to Antarctica (1970)
  • Antarctica, My Destiny (1979)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Finn Ronne Memorial Award (The Explorers Club), arkivert frå originalen 13. oktober 2009, henta 22. oktober 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]