Muckish
| Muckish | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 666 moh |
| Ligg i/på | Donegal i |
| Fjellkjede | Derryveaghfjella |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Muckish (irsk An Mhucais, som tyder «Griseryggen») er eit fjell i County Donegal i Republikken Irland. Det er ei karakteristisk fjell i Derryveaghfjella med flat topp. Med ei høgd på 666 meter over havet er fjellet det tredje høgaste i fjellkjeda, der Errigal er det høgaste. Muckish er òg det nordlegaste og det nest høgaste av fjellkjeda kalla Seven Sisters av dei lokale innbyggjarane (Muckish, Crocknalaragagh, Aghla Beg, Ardloughnabrackbaddy, Aghla More, Mackoght (òg kalla 'Litle Errigal') og Errigal).
Før i tida vart det grave ut kvartssand av høg kvalitet i fjellsida. Sanden vart eksportert og hovudsakleg nytta til produksjon av optisk glas.
Falcarragh, Dunfanaghy og Creeslough er dei næraste byane til Muckish. På Falcarragh-sida ligg Mam Mucaise, Muckishdalen, der ein finn Droichead na Caointe («Sorgbrua»). Det var på denne brua av tusenvis av Cloughaneely-emigrantar sa farvell til familien sin.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Muckish frå Engelsk Wikipedia .