Mull of Galloway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fyret på Mull of Galloway
Mull of Galloway

Mull of Galloway (skotsk-gælisk Maol nan Gall) er det sørlegaste punktet i Skottland. Det ligg i Wigtownshire i Dumfries and Galloway. Mull tyder rund ås eller fjell.

Det står eit fyr på neset frå 1830. Det kvitmåla tårnet er rundt med ei høgd på 26 meter. Lyset står 99 meter over havet og har ei rekkjevidd på 28 nautiske mil.[1].

Neset er eit av dei siste bevarte naturlege tilhaldsstadane langs kysten av Galloway og har eit rikt plante- og dyreliv. Området er i dag eit naturreservat.

Fyret er i dag automatisert og eit gammalt uthus er omgjort til vitjingssenter. Om sommaren er fyret ope kvar dag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nlb.org.uk/ourlights/Mull%20of%20Galloway%20leaflet.pdf