Muru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elva Muru renn ut i Gjende ved Memurubu.
Elva Muru renn gjennom Murudalen mot Gjende ved Memurubu.

Muru er ei elv i Lom kommune i Oppland fylke. Elva er om lag 10 km lang og renn frå Austre Memurubrean til Gjende, ved Memurubu. Elva fører med seg store mengder morenemasse frå isbreen, noko som gjer at vatnet i elva er grågrønt og ugjennomsiktig. Det er Muru som gjeve Gjende den karakteristiske smaragdgrøne fargen.

Muru vert nytta til elvepadling, men er ei krevjande elv. Det finst ingen veg i nærleiken, så padlarar må sjølve bere båtane opp langs elva. Næraste veg er ved Gjendesheim, der det går rutebåt til Memurubu.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.