Musée maritime fluvial et portuaire de Rouen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
||||
|---|---|---|---|---|
| Land | Frankrike | |||
| By | Rouen | |||
| Samlingar | marine | |||
| Utstilte verk | Meir enn 2000 | |||
| Overflate | 900 m² | |||
| Opningsdato | 1999 | |||
| Besøk per år | ca. 10 000 | |||
| Adressa | Hangar portuaire n°13, Quai Émile Duchemin, 76000 Rouen | |||
| Næraste busstopp | Mont-Riboudet (T1, T2, T3, 16) | |||
| Offisiell nettstad | http://www.musee-maritime-rouen.asso.fr/ | |||
| Sjå også: Museum | ||||
Musée maritime fluvial et portuaire de Rouen er eit museum om historia til hamna i Rouen.
Innhaldsliste |
Museet[endre]
Hovudtema i museet er :
- Historia til hamna
- Dei store seglskipa i Rouen
- Handelsflåten
- Kanalnavigasjon
- Skipsbygging
- Kvalfangst
- Undervassbåtar
Utstilt i museet er mellom anna ein kanalskips- og trålarmotor, ei disklokka som tidlegare var forankra ved ved elvemunninga til Risle, ei dykkarutrustning og rekonstruksjonen til ein 60-tals skipsradiolugar.
Eit skjelett av ein silkval står utstilt midt i museet. I museumsbakgarden står kanalskipet Pompon Rouge.
Bilete[endre]
-
Sulzer-motor som skulle setjast inn i ein trålar (1937)
Bygningen[endre]
Museet ligg i ein hall som tidlegare høyrde til hamna i Rouen. Hallen vart bygd i 1926, og brukt til vinlagring av firmaet Schiaffino fram til 1984, då han hadde vorten for liten.