Musa Kusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musa Kusa

Fødd23. mars 1949 (75 år)
Tripoli
Statsborgar avLibya
Yrkediplomat, politikar
Utdanna vedMichigan State University
Alle verv

Musa Kusa (òg transibert som Mussa Kussa og Moussa Koussa, arabisk: موسى كوسا) (fødd 23. mars 1949) er ein libysk politikar og diplomat som var utanriksminister 2009-2011.

Kussa tenestegjorde 1980 som Libysk ambassadør i London, og han var etterretningssjef i Libya mellom 1994 og 2009. I mars 2009 etterfølgde han Abdel Rahman Shalgham som utanriksminister.[1] 30. mars reiste han til London via Tunisia, og meddelte at han ville hoppe av, sidan han ikkje lenger kunne stø regimet til Gadafi.[2]

Utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Mussa Kussa tok på 1970-talet ein mastergrad i sosiologi ved Michigan State University i USA, før han reiste heim for å arbeide i heimlandet.[3] Han gjorde diplomatisk karriere og var de facto ambassadør i Storbritannia frå 1979 til 1980, då han vart utvist frå Storbritannia som følgje av ein kommentar om at to libyske dissidentar som budde i London ville bli drepne.[4]. Tilbake i Libya vart han etterkvart kjend som ein av dei næraste arbeidarane til Gadafi. Britiske styresmakter har mistenkt han for å ha spelt ei sentral rolle i planlegginga av åtaket på Lockerbie i 1988.[5]

Mussa Kussa vart utnemnd til utanriksminister 4. mars 2009. Han skal ha hatt ein sentral posisjon i den diplomatiske heilomvendinga Libya gjennomførte etter tusenårsskiftet, der regimet øydela dei kjemiske våpna sine og vart teke inn i varmen att av fleire vestlege land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]