Musculus rhomboideus minor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musculus rhomboideus minor
Rhomboideus minor.png
Bilete viser musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla. M. rhomboideus minor er vist i raudt.
Norsk namn Den vesle rombemuskelen
Gray's subject #121 434
Utspring Ligamentum nuchae og ryggtaggane på ryggsøyla, processi spinosi, C7 - T1.
Feste    Medialkanten av skulderbladet, margo medialis scapulae, over festet til m. rhomboideus major.
Arterie A. dorsalis scapulae.
Nerve N. dorsalis scapulae frå armnerveflettverket, plexus brachialis.
Rørsle Trekkjer skulderbladet medialt og oppover.
Antagonist M. serratus anterior

Musculus rhomboideus minor (på latin rhomboideus - «rombeforma», minor - «liten»), på norsk somtid òg kalla den vesle rombemuskelen, er ein liten og flat muskel som går frå skulderbladet til ryggsøyla, og knyter med det overekstremiteten til kroppen. Han spring ut frå den sjuande ryggtaggen i halsregionen til den første taggen i brystkasseregionen, processi spinosi C7 - Th1, og festar på skulderbladet sin mediale kant, margo medialis scapulae, over festet til m. rhomboideus major. Han er innervert av n. dorsalis scapulae.

Han ligg under m. levator scapulae og over m. rhomboideus major, og desse trekkjer skulderbladet oppover og medialt, og dei held og skulderbladet pressa mot brystkassa.

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]