Musikkgruppa Savoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Savoy
Sjanger Pop
Aktive år ca. 1994 -
Plateselskap EMI, Warner Music Group, Universal Music
Nettstad www.emi.no/madrugada
Medlemmer
Paul Waaktaar-Savoy
Lauren Waaktaar-Savoy
Frode Unneland
Tidlegare medlemmer
Greg Calvert
Maya Vik
Robert Burås

Savoy er ei musikkgruppe som vart starta opp av ekteparet Paul Waaktaar-Savoy (frå A-ha) og Lauren Waaktaar-Savoy og Frode Unneland rundt 1994. På denne tida hadde A-ha ein pause som skulle vara fram til år 2000.

Savoy debuterte med plata Mary Is Coming i 1996, som m.a. inneheldt songen Velvet. Denne vart seinare gjeven ut av A-ha på plata Minor Earth, Major Sky, som kom ut etter gjenforeininga deira. Mary Is Coming selde til gull i Noreg, dvs. over 15,000 selde eksemplar.

Neste plate, Lackluster Me kom ut allereie i 1997, før Mountains of Time kom i 1999. Savoy vann Spellemannprisen 1999 i klassa popgruppe for denne. Det gjekk ikkje dårlegare med neste plate, Reason to Stay Indoors frå 2001 som vann Spellemannprisen 2001 i same klasse. Plate nummer fem, Savoy frå 2004, inneheldt m.a. duetten Whalebone som vart brukt som filmmusikk i Hawaii, Oslo.

Savoy er så langt det siste studioalbumet til gruppa. I 2007 gav dei ut ei samleplate som fekk tittelen Savoy Songbook Vol. 1, med tre nye songar og sju nyinnspelingar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Mary Is Coming (1996)
  • Lackluster Me (1997)
  • Mountains of Time (1999)
  • Reason to Stay Indoors (2001)
  • Savoy (2004)
  • Savoy Songbook Vol. 1 (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]