Muskett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muskett er eit handskytevåpen med luntelås, hjullås eller ein flintelås. Under avfyring vart han støtta mot ein muskett-gaffel (forkett), fordi han vog om lag 6-7 kg. Prosjektila som vart avfyrte vog om lag 50 g og hadde ein distanse på om lag 200 m. Våpenet var i bruk frå 1500- til 1700-talet.
Kjelder [endre]
- Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 8. M-Norg. Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-0019-5.
- Caplex.no - Muskett.