Næringsliv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamn på Færøyane

Næringsliv er offentleg eller privat økonomisk verksemd som skapar arbeidsplassar og gjev inntekt til dei tilsette, slik at dei livnærer seg. Primærnæringar som jakt og fiske er den eldste typen næringsliv. Seinare kom jordbruk til og i nyare tid har vi fått enda ei ny primærnæring: fiskeoppdrett. Industri er ei anna form for næringsliv, der utøvarane livnærer seg av produsera varer som andre ynskjer å kjøpa eller ved å arbeida for andre mot betaling. Det var den industrielle revolusjonen som la grunnlaget for industriell produksjon. Omgrepa næringsliv og industri vert i mange samanhengar nytta om kvarandre. I dei siste tiåra har transport og tenesteytande næringar auka sterkt. Andre viktige næringar for Noreg er skipsfart og oljeindustri. Underhaldningsindustrien har òg vokse mykje etter 2. verdskrig.