Namnet Madison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Madison er eit engelsk namn som kan brukast som førenamn, etternamn og stadnamn. Det er opphavleg eit metronym som tyder 'son av Maud'. Den best kjende namneberaren er James Madison, fjerde presidenten av USA. Fleire stader i USA er kalla opp etter presidenten, mellom anna delstatshovudstaden Madison i Wisconsin.

Medan namnet opphavleg berre var eit etternamn, gjekk det etter kvart over til å bli eit førenamn for gutar. I nyare tid er det etter kvart gått over til å bli eit reint jentenamn i USA. Denne bruken var ukjend før 1985, men i 2002 var Madison det andre vanlegaste namnet gjeve til nyfødde jenter. Ein grunn til dette kan vera bruken av namnet i filmen Splash frå 1984, der hovudpersonen, ei havfrue spela av Daryl Hannah, tek namnet frå eit skilt for Madison Avenue i Manhattan.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]