Metronym
Metronym eller metronymikon, av gresk meter, 'mor' og onyma, 'namn' er tilnamn, mellomnamn eller etternamn laga av av namnet til mora med eit tillegg som viser slektskapet, i norsk endinga -son eller -dotter, eventuelt -sen, -søn(n) eller -datter.
Bruk i eldre tid [endre]
Metronym er svært sjeldant bruka i Noreg. I staden vart det bruka patronym, også for barn som var fødde utanfor ekteskap og som voks opp i lag med mora. Dersom farskapet var ukjend, kunne metronym bli bruka i staden.
Blant sjeldne døme på metronym i nordisk tradisjon har vi Olav Åsteson i «Draumkvedet» og Gunhildsønene frå sogelitteraturen. I i den norske kongerekka finn vi Svein Alfivason som eit synonym til Svein Knutsson. I britisk tradisjon er etternamnet Dyson ført tilbake til ei Dionissia som levde rundt 1300.
Moderne tid [endre]
I vår tid vert barn stundom gjeve metronym som mellomnamn i Noreg.
På Island er bruk av patronym hovudregelen, men det finst døme på bruk av metronym. Fotballspelaren Heiðar Helguson het i oppveksten Heiðar Sigurjónsson, men tok sidan etternamn etter mora Helga.
Kjelder [endre]
- Allkunne.no
- Omgrep i genealogien
- Mary Ann Whatmore (nee Dyson) 1876 -1936 and the DNA of her male ancestors, oppgjev Sykes, Bryan (2003), Adam’s Curse, Bantam Press