Natalie Horler
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Natalie Horler | |
| Verkeleg namn | Natalie Christine Horler |
| Alias | Natalie Horler |
| Fødd | 28. september 1981, Bonn i Vest-Tyskland (no Tyskland) |
| Yrke | Songar og programleiar |
| Tilknytte artistar | Cascada, Diamond, Siria, Akira, 2 vibez, Scarf og Carlprit |
Natalie Christine Horler (fødd 23. september 1981 i Bonn) er ein tysk-britisk songar og programleiar. Ho er internasjonalt kjend som hovudvokalist i gruppa Cascada.
Innhaldsliste |
Biografi [endre]
Horler vart fødd i Bonn i Vest-Tyskland av britiske foreldre som hadde flytta frå Storbritannia i 1980. Far hennar, David Horler, er ein jazzmusikar og mor hennar, Christine, er framandspråklærar. Horler har òg to sysken.
Unser Song für Malmö [endre]
I 2013 vil ho, saman med gruppa Cascada, delta i Unser Song für Malmö, den tyske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, med songen «Glorious».[1]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Natalie Horler» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2012.
Fotnotar [endre]
- ↑ Germany: National final acts announced! (engelsk). Eurovision.tv (17. desember 2012). Vitja 28. desember 2012.