Natalija Gontsjarova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Natalija Gontsjarova

Natalija Sergejevna Gontsjarova (russisk Наталья Сергеевна Гончарова), ( 4. juni  188117. oktober 1962) var ein russisk avantgardemålar (kubofuturisme), klesdesignar, forfattar, illustratør og scenograf.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Natalija Gontsjarova vart fødd i landsbyen Nagajevo nær Tula i Russland i 1881. Fyrst studerte ho skulptur ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur, men hoppa over til målarstudiet i 1904. Ho var sterkt inspirert av dei enkle framstillingane i russisk folkekunst. I sine eigne verk etterlikna ho folkekunsten samstundes so ho baka inn trekk frå fauvismen og kubismen. Saman med ektemannen Mikhail Larionov utvikla ho rayonismen. Dei to vart dei viktigaste stamfedrene i den prerevolusjonære russiske avantgarden som organiserte utstillinga Eselhalen i 1912, og som stilte ut saman med Der Blaue Reiter i München same året.

Eselhalen vart oppfatta som eit målretta brot med vesteuropeisk kunst, og for etableringa av ein sjølvstendig russisk skule innan moderne kunst. Likevel er påverknaden frå russisk futurisme lett påviseleg i Gontsjarovas seinare måleri. Opphavleg oppteken av ikonmåling og det enkle og endeframme i russisk folkekunst, vart Gontsjarova berømt i Russland for sine futurist-verk så som Syklisten og hennar seinare rayonist-arbeid. Som leiande mellom Moskvas futuristar organiserte ho og ektemaken provoserande førelesingskveldar, mykje i same gata som sine italienske motstykke. Gontsjarova var også involvert i grafisk design, ho skreiv og illustrerte ei bok i ein futuristisk stil.

Gontsjarova var medlem av den tyske avantgarde-gruppa Der Blaue Reiter frå ho vart danna i 1911. I 1915 byrja ho å teikne ballettkostymar og designe oppsetjingar i Geneve. Designen til balletten Liturgi tok ho til med i 1915. Sergej Djagilev hyra inn Gontsjarova, Léonide Massine og Igor Stravinskij til forarbeidet med Liturgi. Ho flytta til Paris i 1921 der ho utforma fleire scenekulissar til Sergej Djagilev og Ballets Russes.

Gontsjarova vart fransk statsborgar i 1939, og døydde i 1962 i Paris.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Gontsjarova sitt måleri Epleplukking frå 1909 vart 2007 auksjonert bort i London for 9,8 millionar US-dollar. Dette var den høgste prisen nokon gong for eit måleri måla av ei kvinne. Året etter, 2008, gjekk eit anna bilete av Gontsjarova for ein enno høgre pris. Eit stilleben frå 1912 kalla Blomane vart seld for 10,8 millionar US-dollar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]