Nervus accessorius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Løpet til n. accessorius til venstre på biletet.

Nervus accessorius (frå latin: «tilleggsnerven»), på norsk òg kalla den ellevte hjernenerven, eller nervus vagus sin hjelpenerve, er ein motorisk hjernenerve som innerverer m. trapezius og m. sternocleidomastoideus. Tidlegare trudde ein at han kom frå hjernen, og han blir derfor rekna som ein av dei tolv hjernenervane. Sidan han er den nest nedste hjernenerven som går ut, så har han fått talet som den ellevte hjernenerven.

N. accessorius spring ut frå dei fem til seks øvste cervikalsegmenta av ryggmergen. Sidan nerverøtene går ut mellom dorsal- og ventralhornet frå den grå substansen i ryggmergen så klassifiserer ein det som ein spesiell somatisk motorisk nerve. [1] Han går så opp gjennom foramen magnum i skallen, langs skallebasis og ned gjennom foramen jugulare saman med nervane n. glossopharyngeus, n. vagus og vena sinus sigmoideus. Så følgjer han vena jugularis nedover halsen og går ned til m. sternocleidomastoideus og gir motorisk innervasjon til heile den, og så ned til m. trapezius og innerverer den øvre delen. Den nedste delen blir teke av spinalnervar fra C3-C4.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]