Musculus trapezius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musculus trapezius
M. trapezius merkt med raudt.
Norsk namn Kappemuskelen
Gray's subject #121 432
Utspring Protuberantia occipitalis externahovudskallen, nakkeaponevosen lig. nucheale og ryggtaggane processi spinosi C7–Th12.
Feste    Øvre og fremre kant av laterale tredjedel av claviculae, acromia og spina scapulae.
Arterie (Ramus superior) A. cervicalis transversalis
Nerve N. accessorius, den ellevte hjernenerven
Rørsle Roterer, trekkjer tilbake, heiser og trekkjer nedover scapula.
Antagonist M. serratus anterior og m. latissimus dorsi

Musculus trapezius, på norsk trapeziusmuskelen eller kappemuskelen, er den store ryggmuskelen som ligg overflatisk mellom skulderblada. Han strekker seg loddrett frå dei nedre ryggvirvlane i brystregionen, og opp til eit beinframspring nedst på nakkebeinet på hovudskallen. Vassrett spring muskelen ut til skulderblada, scapula, til skulderhøgda, acromion og kragebeinet, clavicula. Han blir brukt til å bevege skulderbladet og støtte armane. M. trapezius har tre hovudfunksjonar. Den øvste delen, pars descendens, trekkjer skulderbladet opp og medialt. Den midtre delen, pars transversus, dreg skulderbladet medialt. Den nedste delen, pars ascendens, trekkjer skulderbladet ned og medialt. Muskelen blir innervert av nerven n. accessorius, den ellevte hjernenerven.

M. trapezius blir ført vidare av m. deltoideus som har utspring på dei same beina som m. trapezius festar. Han er ofte ein av dei innblanda musklane når ein blir stiv i nakken.

Utspring og feste[endre | endre wikiteksten]

Muskelen spring ut frå midtlinja av kroppen frå hovudskallen og ned til der korsrygger byrjar. Øvst byrjar han i det ytre nakkebeinsutspringet, protuberantia occipitalis externa, som er eit beinframspring ein kan kjenne nedst medialt på nakkebeinet. Vidare går han ut frå nakkeaponevosen lig. nucheale, og sist ut frå ryggtaggane processi spinosi C7–Th12, som tyder frå den øvste ryggtaggen ein klarer å kjenne til der ribbeina sluttar.

M. trapezius festar tre plassar på skulderbogen. Først på skulderbladskammen, spina scapulae, så på skulderhøgda, acromion, og sist på den laterale tredel av kragebeinet, clavicula. Han festar på dei same stadane som m. deltoideus spring ut frå, og dermed hjelper m. trapezius til med å abdusere armen enda meir når glenohumeralleddet, det mellom scapula og humerus, er fullt abdusert.

Rørsler[endre | endre wikiteksten]

Kontraksjon av muskelen vil gjere to ulike rørsler som kjem an på om det er ryggrada som er fast eller om scapula er festa. Når den eine er festa, vil den andre røre på seg.

Rørsler av skulderbladet[endre | endre wikiteksten]

  • Den øvste delen av m. trapezius bruker ein når ein løfter skuldrene.
  • Dei midtre fibrane blir brukt når ein trekkjer skulderblada saman. Til denne rørsla nyttar samstundes ein og dei øvre og nedre fibrane.
  • Den nedste delen bruker ein ved å trekkje skulderblada ned medan armane er rette og stive.

Rørsler av ryggrada[endre | endre wikiteksten]

Når scapula ligg i ro (som når ein ligg på bakken) så kan kontraksjon av m. trapezius gjere at ryggrada beveger på seg. Til dømes vil samantrekking av dei øvste fibrane på begge sider gjere at nakken ekstenderer.