Nesset prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesset prestegard
Foto: Vidar Iversen (2010)

Nesset prestegard ligg 3 kilometer sørvest for tettstaden Eidsvåg, på sørsida av Langfjorden i Molde kommune.

Prestegarden er særleg kjend for å vere barndomsheimen til forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson. Faren Peder Bjørnson var sokneprest her frå 1837 til 1853. Bjørnstjerne budde i Nesset til 1844. Då flytta han til Molde og byrja på gymnaset. Bondesamfunnet og naturen i Romsdalen skulle få stor innverknad på diktinga til Bjørnson.

Prestegarden har blitt utvikla i eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet som museumsfagleg konsulent og Opplysningsvesenets fond som eigar. Prestegarden er kommunens tusenårsstad. I 2019 vart garden seld til Romsdalsmuseet.[1] Presten i Nesset har ein ny bustad frå 2016.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysningsvesenets fond: En modell og en viktig milepæl Arkivert 2019-09-20 ved Wayback Machine.
  2. Opplysningsvesenets fond: Nesset nye prestebolig

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]