Langfjorden i Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Langfjorden mellom Molde og Rauma

Langfjorden er ein fjordarm av Romsdalsfjorden i Molde, Rauma og Nesset kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 44 km aust og så søraustover til Eresfjord i botn av Eresfjorden.

Fjorden har innløp mellom Sekkenes på øya Sekken i nord og Okseneset i sør. Eit lite stykke inn i fjorden går Rødvenfjorden sørover. Rett aust for innløpet til Rødvenfjorden ligg Åfarnes. Frå her går det ferje over til Sølsnes i nord, som ein del av riksveg 64. Fjorden følgjer kommunegrensa mellom Molde og Rauma eit stykke innover, før han ved bygda Mittet i Rauma på sørsida går inn i Nesset kommune.

Eit stykke lenger aust ligg Vistdal på sørsida, inst i Vistdalsbukta. Like aust for denne bukta ligg Gauprøra der Eresfjorden byrjar. På andre sida av innløpet til Eresfjorden byrjar Eidsvågen som går inn til kommunesenteret Eidsvåg.

Rv62 går på nordsida av fjorden frå Eidsvåg og utover til Tjelle. Frå her går Fv195 vidare langs fjorden til Sølsnes. På sørsida av fjorden går Rv660 innover i fjorden til Vistdal, der han svingar sørover.