Nesthorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°24′48″N 7°55′33″E
Nesthorn
fjell
none  Nordsida
Nordsida
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Bern-Alpane
høgd 3 822 moh
skardhøgd 622 m ↓  mot Bietschhorn
koordinatar 46°24′48″N 7°55′33″E
Førstestiging av B. George, H. Mortimer, Ulrich og Christian Almer
 - dato 18. september 1865
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Nesthorn er eit 3 822 m moh høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Valais. Nesthorn ligg inneklemt mellom andre og høgre fjelltoppar, og er såleis lite synleg frå dalane i kring.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nesthorn ligg i den sørlege delen av Bern-Alpane, mellom Lötschental i vest og dalen med Aletschgletscher i aust. Fjellet er i nord omkransa av Beichgletscher, ein bre som renn ned i Oberaletschbreen. Opp frå desse breane reiser Nesthorn seg i ein bratt fjellvegg, som er delvis bredekt. Mot vest fører ein fjellkam over Gredetschjoch til Breithorn ved Lötschental. Under sørskråninga ligg Gredetschgletscher. Nesthorn reiser seg opp for nordenden av dalen Gredetschtal. Denne u-dalen går ti kilometer beint mot sør og så fem kilometer mot vest, der han munnar ut ved Brig i Rhone-dalen. Noko nordaust for Nesthorn ligg Aletschhorn, ein vestleg granne er Bietschhorn.

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Fyrste bestiginga av Nesthorn fann stad 18. september 1865. To britar, B. George og H. Mortimer hadde då fylgje med dei lokale fjellførarane Christian Almer og Ulrich Almer. Dei klatra vestegga til toppen av fjellet.

Normalruta til Nesthorn går nettopp langs vestegga, som ein når via Gredetschjoch (3508 moh). Til Gredetschjoch kjem ein antan frå Oberaletschhütte over Beichgletscher kryssande talrike bresprekker, eller frå Baltschiederklause over Baltschiederlicka. Denne kan ein nå over Gredetschgletscher.

Nordveggen på Nesthorn består for ein stor del av Aar-granitt. Noko som opnar for god sikring for klatrarar, i motsetning til det klatrarar opplever i mange andre nordveggar i dei sveitsiske Alpane.

Bietschhorn, Nesthorn og fjelltoppane i kring er lite besøkt, samanlikna med 4000-meters-toppane som ligg lenger nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]