Nettstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nettside)
Det er gjort framlegg om at eit emne i denne artikkelen vert skilt ut til ein eigen artikkel med namnet nettside av di jamfør andre wikipediaer. (Sjå eventuelt diskusjon)

Ein nettstad er ei samling nettsider vanlegvis samla innanfor eit domene eller subdomeneverdsvevenInternett.

Ei nettside er eit dokument. Dette er vanlegvis skriven i HTML som er ein måte å kode ei nettside på, og vil nesten alltid vere tilgjengeleg via HTTP. HTTP er ein protokoll som overfører informasjon frå ein vevtenar til brukaren sin nettlesar.

Alle offentleg tilgjengelege nettstader er ein del av verdveven som er eit enormt informasjonsnett.

Sidene til ein nettstad vil vere tilgjengeleg frå ei felles rot. Denne rota blir kalla ei heimeside. Vanlegvis vil sidene vere fysisk på den same tenaren. URLane til ein nettstad organiserer sidene i eit hirarki sjølv om hyperlenkene mellom sidene avgjer korleis brukaren vil oppfatte strukturen til ein nettstad.

Nokre nettstader krev abonement før ein brukar får tilgang til innhaldet. Døme på slike abonementssider kan vere mange pornografiske sider, ein del nyhende nettstader, spelenettstader og stader som tilbyr aksjeinformasjon.

Den første nettstaden vart laga i 1991. Den 30. april i 1993 gjorde CERN det kjent at verdsveven ville vere gratis for alle. Ein kopi av den originale første nettstaden laga av Tim Berners-Lee finn du her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]