URL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på ein URL slik han ser ut i adresseboksen til nettlesaren Internet Explorer.
Døme på ein URL slik han ser ut i adresseboksen til nettlesaren Mozilla.

URL er kort for Uniform Resource Locator og viser til «adresser» på Internett. URL er ei form for URI (Uniform Resource Identifier), og dei to omgrepa blir ofte blanda saman. URLar er ofte sette saman av bokstavar og ord, og blir gjerne brukt i staden for IP-adresser, som er kombinasjonar av tal.

Ein URL er sett saman av visse delar:

protokoll://underdomene.domene.toppdomene:port/sti/side

Til dømes:

http://www.nrk.no/

Delane blir skilde av kolon, skråstrekar, punktum og visse andre teikn.

Soge[endre | endre wikiteksten]

URLen blei skapt i 1994 av Tim Berners-Lee, Marc Andreessen, Mark P. McCahill, Alan Emtage, Peter J. Deutsch og Jon Postel som del av den nye verdsveven. Utforminga baserte seg på unixadresser, som brukte skråstrekar til å skilja mellom ulike nivå i adressa. Tim Berners-Lee har seinare uttalt at han angra på bruk av punktum i servaraddessa, og på dei to skråstrekane først i adressa.[1][2][3]

Protokollar[endre | endre wikiteksten]

Den første delen av ein URL seier som regel kva internettprotokoll som skal brukast. Opphavleg kommuniserte brukarprogram på ulike datamaskinar via eigne propritære protokollar, men etter kvart vart det utvikla eit standardisert protokollhierarki med fleire lag. På toppen av dette hierarkiet finn ein applikasjonsprotokollar, som til dømes ftp, http, smtp, osb.

Protokoll Føremål Tyding Program Standardport
http Nettsider på verdsveven Hyper Text Transfer Protocol (www) Nettlesar (browser, vevlesar) 80
https Sikker transport av data på verdsveven Hyper Text Transfer Protocol Secure (www) Nettlesar 443
ftp Filoverføring File Transfer Protocol FTP-program eller nettlesar 21
irc Chat Internet Relay Channel IRC-program Dynamisk
news Nyhende/diskusjonsgrupper - Nyhendegruppelesar 119
telnet Tekstbasert tilgang til nettverksutstyr - Telnet-program 23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar