Neuschwabenland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neuschwabenland markert med raudt

Neuschwabenland er eit namn som på enkelte kart vert nytta for området mellom 20° aust og 10° vest i Dronning Maud Land i Antarktis. Neuschwabenland var utforska av den tyske antarktisekspedisjonen 1938–39 under leiing av Alfred Ritscher. Området vart kalla opp etter skipet til ekspedisjonen, «Schwabenland», som igjen er kalla opp etter den tyske regionen Schwaben.[1]

Tyske antarktisekspedisjonar (1938–1939)[endre | endre wikiteksten]

MS Schwabenland in 1938

Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939) vart leia av Alfred Ritscher (1879–1963), ein kaptein i Kriegsmarine (den tyske marinen). Hovudmålet var å finne eit område i Antarktis for ein tysk kvalstasjon for at Tyskland kunne produsere meir feitt. Kvalolje var då det viktigaste råmaterialet for produksjon av margarin og såpe i Tyskland og landet var den nest største importøren av norsk kvalolje med 200 000 tonn i året. Utanom fordelen med å ikkje vere avhengig av import, var Tyskland på randen av krig og ein rekna med at dette kom til å gå hardt utover økonomien i landet. Eit anna mål var å speide etter ein stad for ein tysk marinebase.[2]

Den 17. desember 1938 drog ekspedisjonen frå Hamburg mot Antarktis ombord på MS «Schwabenland» (ein lastebåt bygt i 1925 som fekk nytt namn i 1934 etter Schwaben, eit område i det sørlege Tyskland). Skipet hadde med seg eit fly som kunne sendast opp med ein katapult. Den hemmelege[2] ekspedisjonen hadde 33 medlemmar, i tillegg til mannskapet på «Schwabenland» på 24. Den 19. januar 1939 nådde skipet fram til Kronprinsesse Martha Kyst, i eit område som Noreg då nettopp hadde gjort krav på som ein del av Dronning Maud Land, og byrja å kartlegge området. Det tyske naziflagget vart plassert ut på sjøisen langs kysten. Dei gav området namnet «Neu-Schwabenland» etter skipet, og oppretta ein mellombels base og dei neste vekene vandra fleire lag langs kysten og gjorde krav på nærliggande åsar og andre viktige landemerke. Sju flyfototurar vart utført av to sjøfly frå skipet.[1][3] Kring eit dusin 1,2 meter lange aluminiumspiler med 30 cm lange stålkjegler og tre stabiliserande vengjer med hakekrossar på, vart sleppte på isen ved vendepunkta på flyturane.[1][3] Dei utførte ytterlegare åtte flyturar til område av interesse og på somme av desse turane vart bileta tekne med fargefilm. I alt dekte dei hundretusenvis av kvadratkilometer og tok meir enn 16 000 flyfoto, og somme av desse bileta vart publiserte av Ritscher etter krigen. Den isfrie Schirmacheroasen, der forskingsstasjonane Maitri og Novolazarevskaja, vart oppdaga frå lufta av Richardheinrich Schirmacher (som kalla oasen opp etter seg sjølv) kort tid før «Schwabenland» drog frå kysten av Antarktis den 6. februar 1939.

På turen heim att til Tyskland gjorde ekspedisjonen oseanografiske studiar nær Bouvetøya og Fernando de Noronha, og kom attende til Hamburg den 11. april 1939. Samstundes hadde norske styremakter fått melding om ekspedisjonen frå kvalfangarar langs kysten av Dronning Maud Land.

Tysk kart av Antarktis (1941) med Neuschwabenland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 McGonigal, David, Antarctica, frances lincoln ltd, 2009, ISBN 0711229805, 9780711229808, s. 367
  2. 2,0 2,1 Hitler's Antarctic base: the myth and the reality, by Colin Summerhayes and Peter Beeching, Polar Record, Volume 43 Issue 1, pp.1–21 Cambridge University Press, 2007.
  3. 3,0 3,1 Boudewijn Büch. Eenzaam, Eilanden 2 ('Lonely, Islands 2'), Holland 1994