Dronning Maud Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg musikkgruppa Musikkgruppa Dronning Mauds Land
Dronning Maud Land

(norsk: Dronning Maud Land, norsk)

Det norske flagget
Flagg




Styresett
Konge
Administrasjon
Biland
Harald V
Justisdepartmentet
Flatevidd
 – Totalt
 
2 700 000 km²
Folketal
 – Estimert
 – Tettleik
 
0
0/km²
Hendingar
Annektert
Biland
Antarktistraktaten
14. januar 1939
21. juni 1957
23. juni 1961
BNP
 – Totalt ()
 – Per innbyggjar
 
mill. USD (.)
USD (.)
Tidssone UTC +1
Telefonkode ++47
Toppnivådomene .no
Kart over Dronning Maud Land:
Kart over Dronning Maud Land

Dronning Maud Land[sic],[1] uoffisielt òg skrive Dronning Mauds land, er eit kring 2,7 millionar kvadratkilometer[2] stort område i Antarktis som Noreg gjer krav på som biland[3]. Området ligg mellom 20° vest og 45° aust, mellom Britisk Antarktis i vest og Australsk Antarktis i aust. Grensene i nord og sør er ikkje offisielt fastsett.[4] Området ligg i Aust-Antarktis, og utgjer om lag ein sjettedel av heile Antarktis.[5] Området er kalla opp etter dronning Maud (1869–1938), gemalinna til kong Haakon VII av Noreg.

Norske Hjalmar Riiser-Larsen var den første personen som steig i land i området i 1930. Den 14. januar 1939 gjorde Noreg krav på området. Frå 1939 til 1945 gjorde Tyskland krav på Neuschwabenland,[6] som utgjorde ein del av Dronning Maud Land. Den 23. juni 1961 vart Dronning Maud Land ein del av Antarktistraktaten, og det vart ein demilitarisert sone. Det er eit av to norske kravområde i Antarktis. Det andre er Peter I Øy. Dei vert administrert av Polaravdelingen i Justisdepartementet i Oslo.

Det meste av territoriet er isdekt, og ein høg isvegg strekkjer seg langs kysten. I somme området bryt fjellkjeder gjennom isdekket og her kan ein finne hekkande fugl og noko plantevekst. Regionen er delt inn i Kronprinsesse Märtha Kyst, Prinsesse Astrid Kyst, Prinsesse Ragnhild Kyst, Prins Harald Kyst og Kronprins Olav Kyst. Farvatnet utanfor kysten vert kalla Kong Haakon 7 Hav.

Det er ingen permanente busetnader, men her finst tolv aktive forskingsstasjonar med opp mot 40 forskarar i alt. Talet på forskarar varierer gjennom året. Seks av stasjonane er i drift året rundt, medan dei andre berre er i bruk om sommaren. Det går flysamband til Troll flyplass frå Cape Town i Sør-Afrika og frå den russiske Novolazarevskaja-stasjonen. Flyplassen ligg nær den norske forskingsstasjonen Troll.[7]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionar og grenser
Region[5] Vestleg

grense[8]

Austleg

grense[8]

Kronprinsesse Märtha Kyst 20°00'W 05°00'E
Prinsesse Astrid Kyst 05°00'E 20°00'E
Prinsesse Ragnhild Kyst 20°00'E 34°00'E
Prins Harald Kyst 34°00'E 40°00'E
Kronprins Olav Kyst 40°00'E 44°38'E
Dronning Maud Land 20°00'W 44°38'E

Dronning Maud Land strekkjer seg frå grensa med Coats Land i vest til grensa med Enderby Land i aust og er delt inn i Kronprinsesse Märtha Kyst, Prinsesse Astrid Kyst, Prinsesse Ragnhild Kyst, Prins Harald Kyst og Kronprins Olav Kyst.[9] Territoriet er estimert til å dekkje kring 2 700 000 kvadratkilometer.[2] Grensa i sør og i havet i nord er ikkje offisielt fastsett.[4][note 1] Havområdet som strekkjer seg langs kysten av Dronning Maud Land vert generelt kalla Kong Haakon 7 Hav.[12][note 2]

Kanten av Ekström isbrem, ein del av isdekket i Dronning Maud Land.

Det er ikkje isfritt land ved kysten, og langs så godt som heile kyststrekninga går ein 20-30 meter høg vegg av is.[13][14][15] Det er derfor berre mogeleg å gå i land frå skip nokre få stader.[15] Kring 150-200 km frå kysten skjer høge fjelltoppar seg gjennom isdekket, som her ligg 2000 meter over havet. Det høgaste punktet er Jøkulkyrkja (3148 moh) i Mühlig-Hofmannfjella.[13][14] Dei andre store fjellkjedene er Heimefrontfjella, Orvinfjella, Wohlthatmassivet og Sør-Rondane.[5]

Geologisk er grunnfjellet i Dronning Maud Land dominert av prekambrisk gneis, danna kring 1-1,2 mrd. år sidan, før superkontinentet Gondwana vart skapt. Fjella består for det meste av krystallinsk bergartar og granittar, danna for 500-600 millionar år sidan i den panafrikanske orogenesen då Gondwana vart skapt.[16] Lengst vest i territoriet finn ein yngre sedimentære og vulkanske bergartar. Forsking på istjukkleiken har synt at uten isen, ville kysten ha likna kysten av Noreg og Grønland, med djupe fjordar og øyar.[13]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Dronning Maud Land var den første delen av Antarktis som vart oppdaga, den 27. januar 1820 av Fabian von Bellingshausen. Det var derimot av dei siste områda som vart utforska, sidan det måtte luftfartøy til, i kombinasjon med skip, for å gjere ei systematisk utforsking.[5] Tidleg norsk utforsking av Antarktis var nesten i hovudsak i samband med kvalfangst og selfangstekspedisjonar betalt av skipseigarar, særleg Christen Christensen og sonen hans Lars. Dei første to norske ekspedisjonane vart utførte av selfangarskip i 1892–93 og 1893–94. Sjølv om dei hovudsakleg vart sendt her for utforsking, selfangst og mogeleg kvalfangst, utførte dei òg vitskaplege undersøkingar.[17] Fleire norske ekspedisjonar vart utførte dei første tiåra av 1900-talet.[18]

Roald Amundsen gjorde krav på Det antarktiske platået for Noreg som Kong Haakon VII Platå då ekspedisjonen hans vart den første til å nå Sørpolen den 14. desember 1911. Det vart kartlagd som eit sirkelforma område som utgjorde platået kring Sørpolen, inkludert alt land sør for 85 °S. Britane gjorde derimot krav på omtrent det same området som King Edward VII Plateau, og dei godtok ikkje det norske kravet. Kravet til Amundsen vart aldri gjort offisielt av Noreg.[10][11][19]

Hjalmar Riiser-Larsen, flygar og polfarar som utforska mykje av Dronning Maud Land.

Namnet Dronning Maud Land vart først nytta i januar 1930 om landområdet mellom 37 °E og 49°30'E oppdaga av Hjalmar Riiser-Larsen og Finn Lützow-Holm under «Norvegia»-ekspedisjonen til Lars Christensen i 1929–30.[5][13] Det vart kalla opp etter den norske dronninga på denne tida, Maud.[14] Territoriet vart vidare utforska under «Norvegia»-ekspedisjonen i 1930–31.[13] I løpet av denne kvalfangstsesongen arbeidde i alt 265 kvalfangstskip, hovudsakleg norske, utanfor kysten av Dronning Maud Land.[20] I same sesongen oppdaga Riiser-Larsen Kronprins Olav Kyst, Kronprinsesse Märtha Kyst og Prinsesse Ragnhild Kyst frå lufta. Kaptein H. Halvorsen på kvalskipet «Sevilla» oppdaga samstundes Prinsesse Astrid Kyst. Seks år seinare, under ekspedisjonen til Christensen i 1936–37, flydde Viggo Widerøe over og oppdaga Prins Harald Kyst.[5] Forhandlingar med britane i 1938 gjorde at den vestlege grensa til Dronning Maud Land vart sett til 20 °W.[13]

Det norske kravet vart ikkje godteke av Tyskland,[6] som i 1938 utførte ein tysk ekspedisjon til Antarktis, leia av Alfred Ritscher, for å fly over så mykje av Antarktis som mogeleg.[5][13] Skipet «Schwabenland» nådde pakkisen utanfor Antarktis den 19. januar 1939.[21] Under denne ekspedisjonen vart eit område på 350 000 kvadratkilometer fotografert frå lufta av Ritscher,[22] som droppa piler innprenta med hakekrossar kvar 26. km. Tyskland la etter kvart fram krav om territoriet utforska av Ritscher under namnet Neuschwabenland,[5] men mista alle krav på landområdet etter nederlaget i andre verdskrigen.[6][note 3]

«Den parten av fastlandsstranda i Antarktis som tøyer seg ifrå grensa for Falkland Islands Dependencies i vest (grensa for Coats Land) til grensa for Australian Antarctic Dependency i aust (45° austleg lengd) med det land som ligg innanfor denne stranda og det havet som ligg innåt, blir dregen inn under norsk statsvelde.»

Norsk kongeleg resolusjon, 14. januar 1939.[23]

Den 14. januar 1939, fem dagar før tyskarane nådde fram, vart Dronning Maud Land annektert av Noreg,[14] etter ein kongeleg resolusjon vart annonsert, der landområda som grensa til Falkland Islands Dependencies i vest og Australian Antarctic Dependency i aust skulle førast inn under norsk statsvelde.[13] Hovudgrunnlaget for annekteringa var dei norske ekspedisjonane og vart gjort for å sikre at den norske kvalfangstindustrien hadde tilgang til området.[14][24] Vitskaplege operasjonar var òg eit grunnlag, med norske bidrag til internasjonal polarforsking sidan attende til slutten av 1800-talet.[14] Noreg måtte i tillegg til å kjempe mot konkurrerande krav frå Storbritannia og andre land i åra før det norske kravet no kjempe mot den nye tyske trugselen om kravområde i Dronning Maud Land.[24] Det norske kravet vert stundom kalla «Bouvetsektoren», etter den tidlegare annekterte Bouvetøya.[6] I 1946–47 vart store område av Dronning Maud Land fotograferte under ekspedisjonen til Richard Evelyn Byrd. I 1948 vart Noreg og Storbritannia samde om grensa til Dronning Maud Land frå 20°W til 45°E, og at Bruce Coast og Coats Land skulle innlemmast i det norske territoriet.[13]

Seinare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Den norsk-britisk-svenske antarktisekspedisjonen 1949–52 var den første internasjonale vitskaplege ekspedisjonen i Antarktis. Ekspedisjonen oppretta vinterleir ved ein base kalla Maudheim ved 71°S, 11°W, og kartla mykje av det vestlege Dronning Maud Land.[25][26] I løpet av Det internasjonale geofysiske året i 1957–58, vart det oppretta permanente stasjonar i Dronning Maud Land av Noreg, Sovjetunionen, Belgia og Japan. Den norske ekspedisjonen heldt fram med topografisk kartelgging, medan dei andre starta geofysiske og geologiske undersøkingar. Noreg sin Norway Station vart lånt ut til Sør-Afrika etter at den norske ekspedisjonen trekte seg attende i 1960. Sør-Afrika bygde seinare stasjonen SANAE, nær den no nedlagte Norway Station. Sovjetunionen, og sidan Russland, har drive kontinuerlege operasjonar, men har flytta frå Lazarev Station til Novolazarevskaja Station. Japan har hatt base i Showa-stasjonen sidan 1957, utanom ein pause på nokre få år. Belgia la ned stasjonen sin Roi Baudouin i 1961, men var med på nokre mindre operasjonar i lag med Nederland i 1964–66. USA oppretta den kortvarige Plateau Station i 1966.[13]

Den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land

I 1948 fekk Norsk Polarinstitutt, som då var nyoppretta, tildelt administrasjonen av dei norske områda i Arktis og Antarktis, inkludert Dronning Maud Land.[18] Noreg sendte to store ekspedisjonar til territoria i 1940- og 1950-åra, men har gjort mindre etter det.[14] 21. juni 1957 vart Dronning Maud Land underlagt norsk statsvelde som eit biland,[3] og Antarktistraktaten tredde offisielt i kraft den 23. juni 1961.[27] I 1960-åra vart det berre utført nokre mindre norske ekspedisjonar i samarbeid med USA, men det vart gradvis meir aktivitet og ein større ekspedisjon til det vestlege Dronning Maud Land og det austlege Weddellhavet vart utført av Norsk Polarinstitutt i 1976–77.[13][14]

Polaravdelingen til Justisdepartementet vart skipa i 1978,[28] med hovudkvarter i Oslo, og tok over administrasjonen av dei norske polarområda, inkludert Dronning Maud Land.[29] Sidan 1979 har Norsk Polarinstitutt vore eit direktorat under Miljøverndepartementet.[30]

I 1992 utførte Ivar Tollefsen ein ekspedisjon, der han vart den første til å klatre fleire fjell, inkludert det høgaste, Jøkulkyrkja.[13] Noreg oppretta sommarstasjonen Troll i 1989–90.[13][14] I 2003 vart miljøvernsministeren Børge Brende den første norske ministeren som vitja Dronning Maud Land, og han gav like etter midlar til å utvide Troll-stasjonen.[31] Troll vart utbedra i 2005 for å vere open året rundt[13][14] som eit ledd i 100-årsjubileet for sjølvstende til Noreg.[31] Av gjestene var utanriksminister Jan Petersen og miljøvernsminister Knut Arild Hareide,[31] og Troll vart offisielt opna av dronning Sonja av Noreg, den første dronninga som nokon gong vitja Antarktis.[7][32] I 2008 vitja statsminister Jens Stoltenberg, i lag med 40 embetsmenn, vitskapsfolk og reportarar Dronning Maud Land som den første norske statsministeren. Han gav personleg namn til tre fjell kring Troll-stasjonen, der han var basert, men valte å overnatte utandørs i telt, i staden for ei seng innandørs. Han sa at føremålet med besøket var å gjere krav på dei norske områda i Antarktis, samt lære meir om klimaforskinga på Troll, som han sa var nøkkelen til å betre forstå globale klimaendringar.[7][32]

Rettsleg status[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Noreg (i kvitt) og Dronning Maud Land (raudstripa).

Som med alle kravområde i Antarktis er det norske kravet på Dronning Maud Land (og Peter I Øy) underlagt Antarktistraktaten. Traktaten gjer det klart at Antarktis berre kan nyttast til fredlege føremål, og sikrar fridom til vitskaplege undersøkingar. Han fremjer internasjonal vitskapleg samarbeid og forbyr kjernefysisk aktivitet. Sjølv om territorialkrava ikkje er gjort ugyldig i traktaten, vert alle krav effektivt sett på vent så lenge traktaten er i kraft.[30][33] Noreg, Australia, Frankrike, New Zealand og Storbritannia har alle anerkjernt dei andre sine kravområde i Antarktis.[34]

Den norske administrasjonen av Dronning Maud Land vert kontrollert av Polaravdelinga til Justisdepartementet, som held til i Oslo.[35] Annekteringa av territoriet er regulert i Bilandslova av 24. mars 1933, og Dronning Maud Land vart lagt til 21. juni 1957. Lova stadfestar at norsk strafferett, privatrett og prosessrett gjeld i territoriet, i tillegg til andre lover som eksplisitt gjeld for territoriet. I tillegg fastset lova at alt land høyrer til staten og forbyr både kjernefysiske eksplosjonar og lagring av radioaktivt avfall. [36]

Sidan 5. mai 1995 har norsk lov kravd at all norsk aktivitet i Antarktis skal følgje internasjonal miljølov for Antarktis. Nordmenn som planlegg aktivitetar i Dronning Maud Land må derfor rapportere til Norsk Polarinstitutt, som kan forby alle former for avvikande aktivitet. Dei som vitjar Dronning Maud Land må følgje lover for naturvern, avfallshandsaming, forureining og forsikring mot redningsoperasjonar.[37]

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Snøpetrellar er ein av fuglane som finst i Dronning Maud Land

Det finst tre fugleartar kring Troll: antarktispetrell, snøpetrell og den einaste rovfuglen i Dronning Maud Land, sørjo. Antarktispetrell lever på drivisen det meste av året, utanom i hekketida (i Antarktis, frå november til februar), då han flyttar til fjella og nunatakane.[38] Det 3,9 kvadratkilometer store området med isfrie klipper ved Prinsesse Astrid Kyst kalla Svarthamaren har den største kjende innlandskolonien i Antarktis med hekkande sjøfugl, nesten éin million (250 000 par) antarktispetrellar.[14][38] Mange snøpetrellar og sørjoar hekkar òg i dette området. Snøpetrellar er generelt spreidd ut i mindre koloniar gjennom fjellområda i Dronning Maud Land. I hekkesesongen lever sørjoen berre på egg, samt både unge og vaksne petrellar.[38]

Keisarpingvinen har somme hekkeplassar i Dronning Maud Land.[39] Alle dei fire antarktiske selartane, nemleg weddellsel, leopardsel, krabbeetarsel og ross-sel, finst i Kong Haakon 7 Hav utanfor Dronning Maud Land.[40][41] Det er i Kong Haakon 7 Hav at det finst mest ross-sel i verda.[42]

Nunatakområdet har lite plantevekst, berre avgrensa til lav, mose og algar. Blomsterplanter finst ikkje her. Norsk Polarinstitutt har ikkje registrert truga eller sjeldne planter eller dyr i Dronning Maud Land, og artane ein kjenner til finst i store mengder.[40]

Forskingsstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Nyare forsking[endre | endre wikiteksten]

Novolazarevskajabasen

Forskingsstasjonane i Dronning Maud Land er knytte til Dronning Maud Land Air Network Project (DROMLAN), som er ein samarbeidsavtale for transport mellom elleve nasjonar med forskingsstasjonar i Aust-Antarktis. Langdistansefly flyr mellom Cape Town i Sør-Afrika og anten Troll flyplass ved Troll forskingsstasjon eller rullebanen ved Novolazarevskaja stasjon. Frå desse to flyplassane flyr mindre fly vidare til andre stader i Antarktis.[7]

Med Troll flyplass er den norske Troll-stasjonen eit viktig knutepunkt i DROMLAN-nettverket.[7] Av forsking på Troll finn ein luft- og atmosfæriske målingar,[43] overvaking av drivhusgassar og fuglekoloniar, samt meteorologiske og klimaforsking.[31] Den andre norske stasjonen, Tor, vart oppretta for forsking på fuglar i hekkekolonien i Svarthamaren.[38] Ved den russiske Novolazarevskajabasen omfattar forskinga miljøovervaking, geodesi/kartlegging, geomagnetiske og meteorologiske observarsjonar, glasiologi, biologi, ionosfæriske/polarlysobservasjonar, limnologi, geologi, geofysikk og seismologi.[44]

SANAE IV-stasjonen.

Den sørafrikanske SANAE IV-stasjonen stod klar i 1997, og tok over etter dei tre tidlegare stasjonane. Ved SANAE IV vert det forska på invasjonsbiologi/økologi, geologi, geomorfologi og atomsfæriske vitskapar. Av anlegga finn ein eit lite sjukehus og ein hangar for to helikopter.[45]

Den svenske stasjonen Wasa og den finske stasjonen Aboa dannar i lag Nordenskiöldbasen, og samarbeider om forsking og logistikk. Her driv ein forsking på geodesi/mapping, glasiologi, human biologi, meteorological observations, geologi and geofysikk.[46]

Kohnen-stasjonen

Den tyske Neumayer-Station III stod ferdig i 2009 og erstatta to tidlegare stasjonar som var gravlagd av is og snø.[20] Her vert drive forsking innan geofysikk, meteorologi og seismologi, samt kjemiske målingar av luft og overvaking av ozon i atomsfæren.[47] Den andre tyske stasjonen, Kohnen, vart opna som ein del av eit stort isboreprosjekt.[48]

Stasjonen Maitri tok over etter Dakshin Gangotri i 1989, den første antarktiske basen til India.[49] Maitri fokuserer forskinga på geologi, og studiet av superkontinentet Gondwana, sidan India og Antarktis høyrte til same landmassen. Det omfattar òg forsking på teknologi for låge temperaturar som er relevant for tilhøve i Himalaya.[50]

Princess Elisabeth-basen

Showa-stasjonen er hovudforskingsstasjonen til Japan i Antarktis. Her vert det gjort forsking på mange område, som fysikk i den øvre atmosfæren, meteorologi, seismologi, gravimetri, geodesi/kartlegging, oseanografi, glasiologi, geologi, biologi og medisinsk forsking.[51] Den andre stasjonen til Japan, Dome Fuji vart opna som ein del av eit stort isboringsprosjekt.[5] Her vert det hovudsakleg drive studioar på klimaendringar med djupborning og atmosfæriske observasjonar.[52]

Den belgiske Princess Elisabeth-basen vart oppretta som eit prosjekt for å fremje polarforsking, samt demonstrere høvet til å byggje ein stasjon med nullutslepp.[53] Forskinga vert utført av ei internasjonal gruppe forskarar som studerer klimatologi, glasiologi og mikrobiologi.[54]

Liste over noverande forskingsstasjonar[endre | endre wikiteksten]

Den følgjande tabellen syner dei noverande operasjonelle forskingsstasjonane i Dronning Maud Land, sortert frå vest til aust. Folketala er snittet om vinteren (om dette er kjend) og største folketal (eller maks kapasitet som for Princess Elisabeth Base).[55][56]

Detaljert liste over noverande forskingsstasjonar
Forskingsstasjon Land Start Type Innb.

(vinter)

Innb.

(maks)

Koordinatar Høgd
Wasa (Nordenskiöldbasen) Sverige 1989 Sesongbasert 0 20 73°03′S 13°25′W 400 moh
Aboa (Nordenskiöldbasen) Finland 1989 Sesongbasert 0 20 73°03′S 13°25′W 400 moh
Neumayer-Station III Tyskland 1981 Heile året 9 50 70°38′S 08°16′W 40 moh
SANAE IV Sør-Afrika 19621 Heile året 10 80 71°40′S 02°50′W 841 moh
Kohnen Tyskland 2001 Sesongbasert 0 28 75°00′S 00°02′W 2900 moh
Troll Noreg 19902 Heile året 7 40 72°00′S 02°32′E 1300 moh
Tor Noreg 1985 Sesongbasert 0 4 71°53′S 05°09′E 1625 moh
Maitri India 1989 Heile året 25 65 70°46′S 11°44′E 130 moh
Novolazarevskajabasen Russland 1961 Heile året 30 70 70°46′S 11°52′E 102 moh
Princess Elisabeth Base Belgia 2009 Sesongbasert 0 20 71°57′S 23°20′E 1397 moh
Showa Station Japan 1957 Heile året 40 110 69°00′S 39°35′E 29 moh
Dome Fuji Station Japan 1995 Sesongbasert 0 40 77°19′S 39°42′E 3810 moh

1 Den originale SANAE-stasjonen vart opna i 1962, medan den noverande SANAE IV opna i 1997, 200 km sør for dei tidlegare stasjonane.
2 Troll vart i 1990 opna som ein stasjon berre open om sommaren og vart opna for operasjonar året rundt i 2005.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Noreg har vore forsiktige med å ikkje godkjenne sektorar for avgrensing av polområda. Dette kjem av at Noreg ikkje vil øydeleggje stillinga si i Arktis med omsyn til tidlegare Sovjetunionen og i dag Russland. Noreg har derfor ikkje gjort krav på området heilt sør til Sørpolen og har heller rettmessig aldri opprettheld kravet til Roald Amundsen frå 1911 om Det antarktiske platået.[10][11]
  2. Russiske kartografar nyttar tre randhav langs kysten, nemleg Lazarevhavet, Riiser-Larsenhavet og Kosmonauthavet.[12]
  3. Sjølv om somme, hovudsakleg den norske forfattaren Bjarne Aagaard og den tyske geografen Ernst Herrmann, har hevda at Tyskland i røynda aldri okkuperte territoriet, er det godt dokumentert at Tyskland gav ut ein resolusjon om opprettinga av eit Tysk Antarktis kalla Neuschwabenland etter ekspedisjonen vendte attende i august 1939.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stadnamn i norske polarområde» (på engelsk). Norsk Polarinstutitt. http://stadnamn.npolar.no/stadnamn/Dronning+Maud+Land?ident=900339. Henta 12. desember 2012. 
  2. 2,0 2,1 «Minifacts about Noreg 2011: 2. Geography, climate and environment». Statistisk sentralbyrå. 2011. http://www.ssb.no/english/subjects/00/minifakta_en/en/main_02.html. Henta 12. oktober 2012. 
  3. 3,0 3,1 «Forutsetninger for Antarktistraktaten: Dronning Maud Lands statsrettslige stilling - "utviklingen" frem til 1957» (på norsk). Norsk Polarhistorie. http://www.polarhistorie.no/artikler/2009/Dronning%20Maud%20Lands%20statsrettslige%20stilling. Henta 15 May 2011. 
  4. 4,0 4,1 «Dronning Maud Land». Norsk Polarinstitutt. http://www.npolar.no/en/antarctica/dronning-maud-land.html. Henta 12. oktober 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 5,8 Mills, 2003, s. 540.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Widerøe, Turi (2008) (på norsk), Annekteringen av Dronning Maud Land, http://www.polarhistorie.no/artikler/2008/annekteringen%20av%20dronning%20maud%20land/print_artikler_view, henta 12. oktober 2012 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Rubin, 2008, s. 305.
  8. 8,0 8,1 Mills, 2003, s. 130 og 172.
  9. «Dronning Maud Land». Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/486862/Queen-Maud-Land. Henta 25 April 2011. 
  10. 10,0 10,1 Joyner, 1992, s. 47.
  11. 11,0 11,1 Hatherton, Trevor (1965). Antarktis. The New Zealand Antarctic Society. s. 21. 
  12. 12,0 12,1 Stonehouse, s. 155–156.
  13. 13,00 13,01 13,02 13,03 13,04 13,05 13,06 13,07 13,08 13,09 13,10 13,11 13,12 13,13 Gjeldsvik, Tore. «Dronning Maud Land» (på norsk). Store norske leksikon. http://www.snl.no/Dronning_Maud_Land. Henta 12. oktober 2012. 
  14. 14,00 14,01 14,02 14,03 14,04 14,05 14,06 14,07 14,08 14,09 14,10 «Dronning Maud Land» (på norsk). Norsk Polarinstitutt. http://www.npolar.no/no/antarktis/dronning-maud-land.html. Henta 12. oktober 2012. 
  15. 15,0 15,1 Shirihai, Hadoram; Cox, John (2008). The complete guide to Antarctic wildlife: birds and marine mammals of the Antarctic continent and the Southern Ocean. Princeton University. s. 517. 
  16. Elvevold, Synnøve (2005) (på norsk). Geologi i Antarktis. Norsk Polarinstitutt. 
  17. Heldal, 2011, s. 10.
  18. 18,0 18,1 Heldal, 2011, s. 11.
  19. «1911:» (på norsk). Norsk Polarhistorie. http://www.polarhistorie.no/hendelser/1209014135.65/tidslinjehendelse_view?geografi=1162838073.78&hovedemne=&underemne=&hovedepoke=&underepoke=&. Henta 12. oktober 2012. 
  20. 20,0 20,1 Rubin, 2008, s. 304.
  21. Murphy, 2002, s. 192.
  22. Murphy, 2002, s. 204.
  23. Gjeldsvik, Tore (2010). Dronning Maud Land. Store Norske Leksikon. 
  24. 24,0 24,1 «Forutsetninger for Antarktistraktaten» (på norsk). Norsk Polarhistorie. http://www.polarhistorie.no/artikler/2009/Antarktistraktaten. Henta 12. oktober 2012. 
  25. Molle, Kris (2 December 2010). «Maudheim». Polar Conservation Organisation. http://www.polarconservation.org/education/antarctic-bases/norway-and-antartica/stations-bases-camps-and-refuges/maudheim. Henta 12. oktober 2012. 
  26. «Maudheim-ekspedisjonen (NBSX)» (på norsk). Norsk Polarhistorie. http://www.polarhistorie.no/ekspedisjoner/Maudheim-ekspedisjonen. Henta 12. oktober 2012. 
  27. «Forutsetninger for Antarktistraktaten: Antarktistraktaten» (på norsk). Norsk Polarhistorie. http://www.polarhistorie.no/artikler/2009/Antarktistraktaten2. Henta 12. oktober 2012. 
  28. «Polar Affairs Department». Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste. http://www.nsd.uib.no/polsys/data/en/forvaltning/enhet/13065. Henta 13. oktober 2012. 
  29. «Polar Affairs Department». Justisdepartementet. http://www.regjeringen.no/en/dep/jd/About-the-Ministry-of-Justice-and-the-Po/Organization/Departments/The-Polar-Affairs-Department.html?id=1447. Henta 13. oktober 2012. 
  30. 30,0 30,1 Molle, Kris (29 October 2010). «Norway and Antarctica». Polar Conservation Organisation. http://www.polarconservation.org/education/antarctic-bases/norway-and-antartica/norway-and-antartica. Henta 12. oktober 2012. 
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Jaklin, G. S. (2005) (på norsk). Norge: Året rundt i Antarktis. Norsk Polarinstitutt. 
  32. 32,0 32,1 Jenssen, Elin Vinje (22 January 2008), Stoltenberg named mountains i Antarctica, Norsk Polarinstitutt, http://www.npolar.no/en/about-us/news/archive/2008/2008-01-22-stoltenberg-named-mountains-antartica.html, henta 12. oktober 2012 
  33. «Antarktistraktaten» (på norsk). Norsk Polarinstitutt. http://www.npolar.no/no/antarktis/antarktistraktaten.html. Henta 13. oktober 2012. 
  34. National Research Council (U.S.). Polar Research Board (1986). Antarctic treaty system: an assessment.. National Academies Press. s. 370. ISBN 978-0-309-03640-5. 
  35. «Polar Affairs Department». Miljøvernsdepartmentet. http://www.regjeringen.no/en/dep/jd/About-the-Ministry-of-Justice-and-the-Po/Organization/Departments/The-Polar-Affairs-Department.html?id=1447. Henta 13. oktober 2012. 
  36. «Lov om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandsloven).» (på norsk). Lovdata. 13 July 2011. http://www.lovdata.no/all/tl-19300227-003-0.html#1. Henta 13. oktober 2012. 
  37. «Antarktis». Miljøvernsdepartmentet. http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/tema/svalbard_og_polaromradene/antarktis.html?id=279712. Henta 13. oktober 2012. 
  38. 38,0 38,1 38,2 38,3 Strøm, Hallvard (på norsk), Faktaark: Sjøfuglene i Antarktis, Norsk Polarinstitutt, http://www.npolar.no/no/tjenester/publikasjoner/faktaark/sjofugler-antarktis.html, henta 13. oktober 2012 
  39. Rubin, 2008, s. 120.
  40. 40,0 40,1 «Dronning Maud Land» (på norsk). Miljøstatus i Norge. 6 September 2010. http://www.miljostatus.no/Tema/Polaromradene/Antarktis/Dronning-Maud/. Henta 12. oktober 2012. 
  41. Joyner, 1992, s. 26.
  42. Stone, David (1995). Seals. International Union for Conservation of Nature. s. 19. ISBN 978-2-8317-0049-6. 
  43. «Antarktis: Troll får nye krefter». Norsk institutt for luftforskning. Arkivert frå originalen den 13. oktober 2012. http://www.webcitation.org/5tEHjLSg0. Henta 13. oktober 2012. 
  44. Molle, Kris (2 December 2010). «Novolazarevskaya». Polar Conservation Organisation. http://www.polarconservation.org/education/antarctic-bases/russia-and-the-antarctic/stations-bases-camps-and-refuges/novolazarevskaya. Henta 13. oktober 2012. 
  45. Rubin, 2008, s. 304–305.
  46. Molle, Kris (2 November 2010). «Aboa». Polar Conservation Organisation. http://www.polarconservation.org/education/antarctic-bases/finland-and-antarctica/stations-bases-camps-and-refuges/aboa. Henta 13. oktober 2012. 
  47. Molle, Kris (2 December 2010). «Neumayer». Polar Conservation Organisation. http://www.polarconservation.org/education/antarctic-bases/germany-and-Antarktis/stations-bases-camps-and-refuges/neumayer. Henta 13. oktober 2012. 
  48. Mills, 2003, s. 259.
  49. Rubin, 2008, s. 306.
  50. McGonigal, 2009, s. 110.
  51. «Syowa». Polar Conservation Organisation. 3 November 2010. http://www.polarconservation.org/education/antarctic-bases/japan-and-antartica/stations-bases-camps-and-refuges/syowa. Henta 13. oktober 2012. 
  52. Molle, Kris (3 November 2010). «Dome Fuji». Polar Conservation Organisation. http://www.polarconservation.org/education/antarctic-bases/japan-and-antarctic/stations-bases-camps-and-refuges/dome-fuji. Henta 13. oktober 2012. 
  53. «Princess Elisabeth Antarctic». Princess Elisabeth Antarctic. http://www.antarcticstation.org/station/. Henta 13. oktober 2012. 
  54. Molle, Kris (2 November 2010). «Princess Elisabeth». Polar Conservation Organisation. http://www.polarconservation.org/education/antarctic-bases/belgium-and-Antarktis/stations-bases-camps-and-refuges/princess-elisabeth-base. Henta 13. oktober 2012. 
  55. «Antarctic Facilities». Council of Managers of National Antarctic Programs. 25 March 2009. https://www.comnap.aq/facilities. Henta 13. oktober 2012. 
  56. «Antarctic information». Scientific Committee on Antarctic Research. September 2009. http://www.scar.org/information/. Henta 13. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dronning Maud Land