Bouvetøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bouvetøya
Bouvetøya sett i 1898.
Bouvetøya sett i 1898.
Geografi
Orthographic projection centered over Bouvet Island.png
Stad Sør-Atlanteren
Koordinatar 54°25′S 3°21′EKoordinatar: 54°25′S 3°21′E
Areal 49 km²
Høgaste punkt Olavstoppen (780 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Demografi
Folketal 0

Bouvetøya (fransk Île Bouvet, tidlegare Liverpool Island) er ei øy i Sør-Atlanteren54°25′S 3°21′E som er under norsk suverenitet som biland.

Ettersom ein reknar Antarktis som områda sør for 60°S høyrer Bouvetøya ikkje til denne verdsdelen, men kanskje heller Afrika, som ligg i underkant av 2000 km lenger nord. Bouvetøya har ingen fastbuande innbyggjarar, men eit rikt dyreliv. Øya er eigentleg toppen av ein aktiv vulkan som ligg under eit permanent islag. Norsk Polarinstitutt har hatt ein automatisk vêrstasjon i drift her sidan 1977. Norske ekspedisjonar kjem jamleg til øya for å kartleggja henne og studera naturen, dyrelivet og vêrtilhøva der og i havområda omkring.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Kart over Bouvetøya

Øya blei oppdaga den 1. januar 1739 klokka 15.00 av den franske marineoffiseren Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier med skipa «Aigle» og «Marie», men det gjekk mange år før ein fann henne igjen. Først i 1808 ble øya igjen observert av en britisk kvalfangstbåt og koordinatane for øya vart for første gang registrert. Første gang nokon gjekk i land på øya var i desember 1822, då ein britisk kvalfangstbåt gjorde landfall og jakta på sel. I 1825 erklærte kapteinen på ei kvalfangarskute øya for den britiske monarken under namnet Liverpool Island. I 1898 vart øya kartlagt, utan landstiging, av ein tysk ekspedisjon under leiing av Carl Chun. Det første lengre opphaldet skjedde ved den første Norvegia-ekspedisjon, under leiing av kaptein Harald Horntvedt, som var ein månad på øya og erklærte ho som annektert for Noreg 1. desember 1927.Frå 27. februar 1930 har ho hatt status som norsk biland. Øya har siden den gong hatt status som norsk biland. Avgjersla om å gjere øya til naturreservat vart vedteke 17. desember 1971.

I 1964 vart det funne ein forlaten livbåt på øya saman med diverse forsyningar. Passasjerane frå livbåten vart aldri funne. På 1960-talet undersøkte Sør-Afrika høve for å sette opp ein vêrstasjon, men fann ikkje noko eigna stad. Eit vulkansk utbrot danna ei ny kyststripe som vart kalla Nyrøysa, og Norsk Polarinstitutt har sett ut ein automatisk vêrstasjon der i 1977. Vêrstasjonen vart ført dit med MS «Polarsirkel».

19. oktober 2007 meldte Norsk Polarinstitutt at den norske forskingsstasjonen på Bouvetøya var forsvunne[1]. Satellittbilete viser at eit 36 m² stort containerbygg ikkje er der lengre, medan den automatiske vêrstasjonen framleis står der. Truleg har forskingsstasjonen blåst til sjøs.

[endre] Tilknyting til Noreg

Øya sin status som biland, som ho deler med Dronning Mauds Land og Peter 1.s øy, tyder at territoriet er under norsk herredøme, utan å vere ein del av Kongeriket Noreg. Dermed kan territoriet verte avgjeve uten at det er i strid med Grunnlova sin paragraf 1 som seier at Kongeriket Noreg er udelelig[2].

[endre] Geografi

Satellittbilete av Bouvetøya

Bouvetøya er den mest avsidesliggjande ikkje-busette øya i verda. Ho ligg 1700 km frå nærmaste land, Dronning Maud Land. Øya er vanskeleg tilgjengeleg med bratte klippar på alle sider, og kan lettast bli nådd med helikopter frå skip utanfor. Ho er ca. 7 × 10 km stor. Høgaste punktet, Olavstoppen som ligg midt på den nordlege delen, er 780 moh.

[endre] Klima

Øya har eit maritimt antarktisk klima. Gjennomsnittstemperaturen er −1 °C. Lågt skylag eller skodde er svært vanleg.

[endre] Natur

Av dyreliv finst særleg pelssel, pingvinar og sjøfuglkoloniar. Fangst av pelssel blei forbode i 1929, og i 1935 gjaldt dette også fangst av andre andre selartar.

I 1971 blei Bouvetøya og havområda rundt gjort om til naturreservat.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk