New Britain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
New Britain, med enkelte byar og vulkanar

New Britain, eller Niu Briten, er den største øya i Bismarckarkipelet i Papua Ny-Guinea. Øya er skilt frå øya Ny-Guinea av Dampiersundet og Vitiazsundet og frå øya New Ireland av St. George-kanalen. Folketalet på New Britain var i 2000 på 404 873. Største byane på New Britain er Kokopo og Kimbe.

New Britain og New Ireland har fått namna sine då dei grov sett på eit kart minner om dei britiske øyane. Medan øya var del i Tysk Ny-Guinea heitte ho «Neupommern».

Topografien på New Britain

Geografi[endre | endre wikiteksten]

New Britain strekker seg frå 148° til 152° austleg lengd, og frå 4° til 7° sørleg breiddegrad. Ho har form som ein halvmåne, og er om lag 600 km langs den søraustlege kystlina, og frå 30 til 110 km brei; ei lita halvøy midt på øya då frå rekna. Øya er den 38. største i verda, med ei flatevidd på 35 145 km².

Somme stader langs kysten er det bratte klipper, andre stader må ein innover på øya for å kome til berg og fjell. Mykje av sjølve kysten er grunn med koralrev utanfor. Høgste fjellet er 2 438 m høge Sinewit i Bainingfjella i aust. Størstedelen av landskapet er dekt av tropisk regnskog. Store nedbørsmengder fører til at det finst fleire store elvar.

New Britain vart for ein stor del danna av vulkansk aktivitet. På øya er fleire aktive vulkanar, der i mellom Ulawun (høgste vulkanen i Papua Ny-Guinea), Langila, Garbunafjella, Sulufjella og Tavurvur og ein annan vulkan i Rabaul-fjellrekka. Eit stort utbrot i Tavurvur i 1994 øydela Rabaul, provinshovudstaden i East New Britain. Det meste av byen ligg no under metertjukke oskelag. Provinshovudstaden er flytta til nærliggjande Kokopo.

Styre[endre | endre wikiteksten]

New Britain er del av Øyregionen, ein av dei fire regionane Papua Ny-Guinea er inndelt i. Regionen omfattar to provinsar:

  • East New Britain med hovudkvarter i Kokopo
  • West New Britain med hovudkvarter i Kimbe

Historie[endre | endre wikiteksten]

William Dampier vart 27. februar 1700 den fyrste kjende europearen som vitja New Britain. Han omtala øya med det latinskspråklege namnet 'Nova Britannia'.

I november 1884 proklamerte Tyskland at New Britain-arkipelet var eit tysk protektorat. Det tyske kolonistyret gav New Britain og New Ireland namna Neupommern og Neumecklenburg, og øygruppa vart omdøypt til Bismarckarkipelet. New Britain vart del av Tysk Ny-Guinea.

I 1909 vart talet på innfødde folk rekna til i kring 190 000; talet utlendingar var 773 (474 kvite). Innflyttarane budde så å seie alle på halvøya Gazelle i nordaust, herunder hovudstaden Herbertshöhe (no Kokopo). Ved den tid hadde 5 448 hektar vorte omvandla til plantasjar, som i hovudsak produserte kopra, bomull, kaffi og gummi. Opphavleg let europearar vere med å utforske det indre av øya. Dei trudde dei innfødde folkegruppene var krigerske og som med raseri ville motstå inntrenging.

11. september 1914 invaderte styrkar frå dei australske sjøstridskreftene New Britain. Etter kort tid nedkjempa australienarane dei tyske styrkane. Tysk Ny-Guinea var deretter Australian Territory of New Guinea.

Under 2. verdskrigen vart New Britain erobra av Japan. Gjennom januar 1942 bomba japanesarane Rabaul. 23. januar landsette den japanske marinen tusenvis av soldatar, som nedkjempa den australske styrken. Japan nytta Rabaul som ein stor base fram til 1944. Japanesarane gav opp fly- og marinebasen i Rabaul i august 1945.

Elddansar av baining-folket

Folk og kultur[endre | endre wikiteksten]

Dei innfødde på New Britain høyrer til to hovudgrupper. Papuanarane har budd på øya i titusenar av år, medan austronesiarane kom til staden for i kring to tusen år sidan. Austronesiarar er i dag i fleirtal på øya. Om lag ti papuanske språk vert snakka her, og om lag førti austronesiske språk. Dessutan vert det tala tok pisin og engelsk. Papuanarane finn ein for ein stor del på den austlege tredjedelen av øya og i nokre små enklavar i høglandet i det indre.

Mange slags kulturar finst på New Britain. Tolaiane i Rabaul-området har eit matrilineært samfunn, andre grupper har ein patrilineær samfunnsstruktur. Ulike tradisjonar er framleis levande, til dømes dukduk. Denne er, hos tolaifolket, eit slags hemmeleg samfunn som også vert kalla tubuan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]