Ngultrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ti-ngultrumsetel
Fem-chetrummynt.

Ngultrum er mynteininga i Bhutan. Mynten vart introdusert i 1974 og erstatta bhutansk rupi. Ein ngultrum er 100 chetrum.

Valutakursen på ngultrum er knytt til indisk rupi, ettersom bhutansk økonomi er nært knytt til India; India mottek rundt 95 % av Bhutan sin eksport, og leverer rundt 80 % av Bhutan sin import.

Før Bhutan vart opna for omverda i 1961, var det ingen pengeøkonomi i landet. Det var ein avgrensa bytehandel mot India og Tibet, medan all innanlandsk handel skjedde som bytehandel. Sjølv etter 1961 fanst det ikkje ein eigen bhutanesisk valuta, men indiske rupi vart etterkvart tekne i bruk og har vore gyldig betalingsmiddel sidan. Eit finanssekretariat vart oppretta på 60-talet, og vart vidareført som eit finansdepartement frå 1968.

Den bhutanske riksbanen Bank of Bhutan vart også starta i 1968, som landets første bank. Pengesetlar vart introdusert i 1974, og i 1975 vart Royal Insurance Corporation of Bhutan etablert. I 1982 vart Royal Monetary Authority oppretta som sentralbank i landet. I 1988 vart Bhutan Development Finance Corporation starta, og med Royal Securities Exchange i 1993 vart ein nasjonalt kapitalmarknad etablert. Landets første privateigde bank, The Bhutan National Bank, starta i 1996.

Myntar i omløp:

  • 5 chertrum
  • 10 chetrum
  • 20 chetrum
  • 25 chetrum
  • 50 chetrum
  • 1 ngultrum

Setlar i omløp:

  • 5 ngultrum
  • 10 ngultrum
  • 20 ngultrum
  • 50 ngultrum
  • 100 ngultrum
  • 500 ngultrum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ngultrum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]