Nica de Koenigswarter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Baronesse Pannonica de Koenigswarter (10. desember 1913 - 30. november 1988) var etterkomar i den engelske greina av Rotschild-familien. Ho fekk kallenamnet Nica og er best kjend for hennar nære venskap med mange av vår tids store jazzmusikarar.

Under den andre verdskrigen arbeidde ho for Charles de Gaulle. Ho gifta seg med Jules de Koenigswarter i 1951 og flytta etter dette til New York by i USA. Her kasta ho seg inn det amerikanske jazzmiljøet der ho var ei aktiv vertinne for musikarar som sakna tak over hovudet eller ein stad å slappe av.

Hotellsuiten hennar på Stanhope Hotel på Fifth Avenue i New York er kanskje best kjend for å vere rommet der Charlie Parker døydde i 1955.

Ho var ein særleg god ven med familien til Thelonious Monk. Då Monk blei alvorleg sjuk var det Nica som tok seg av han, heilt fram til han døydde i 1982. Nica døydde seks år seinare.

Fleire jazzmusikarar dedikerte musikk til henne: Gigi Gryces Nica’s Tempo, Sonny Clarks Nica, Horace Silvers Nica’s Dream, Kenny Dorhams Tonica, Kenny Drews Blues for Nica, Freddie Redds Nica Steps Out, Barry Harriss Inca, Tommy Flanagans Thelonica og Thelonious Monks Pannonica.