Nikea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lefkeporten, ein del av bymurane i Nikea.

Nikea (gresk Νίκαια) var ein hellenistisk by nordvest i Anatolia, og er mest kjend for det første og andre kyrkjemøtet i Nikea (det første og sjuande kyrkjemøtet i den tidleg historia til kristendomen), den nikenske truvedkjenninga (som kjem frå det første møtet) og som hovudstad i keisardømet Nikea.

Nikea var ei kort stund hovudstad i Austromarriket mellom 1204 og 1261 etter det fjerde krosstoget i 1204 og fram til Konstantinopel vart erobra attende av austromarane i 1261.

Nikea låg der som dagens Iznik i Tyrkia ligg. Den gamle byen hadde 5 km lange bymurar kring seg med ovr 100 vakttårn. Tre store portar i muren var inngangen til byen. Store delar av muren finst framleis og er i dag ein stor turistattraksjon.

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nikea