Nikolaas Tinbergen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaas Tinbergen (til venstre) med Konrad Lorenz
Nikolaas «Niko» Tinbergen (15. april 1907–21. desember 1988) var ein hollandsk åtferdsbiolog som delte Nobelprisen i medisin i 1973 med Karl von Frisch og Konrad Lorenz for framifrå forsking innanfor etologien. Han var ein pioner innanfor utviklinga av fagfeltet, og gjorde seg særleg merka med ei serie av gode felteksperiment. Han er òg kjend for dei fire spørsmåla sine, som han meinte var naudsynt å finna svar på for å forklara åtferdstrekk i ein organisme.