Noréaz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noréaz
Horisonten til Noréaz
Horisonten til Noréaz
Kommunevåpenet til Noréaz
Kommunevåpenet til Noréaz


Plassering
Noréaz is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Fribourg
Distrikt Sarine
Språk fransk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

6,87 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

566
  82,4 /km²
Koordinatar 46°48′0″N 7°2′0″EKoordinatar: 46°48′0″N 7°2′0″E
Høgd over havet 638 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1757

Noréaz er ein kommune i distriktet Sarine i kantonen Fribourg i Sveits. Kommunen har 566 innbyggjarar (2010) og eit areal på 6,87 km². Kommunesenteret ligg 638 meter over havet.

Den førhistoriske staden En Praz des Gueux som består av pålebygningar er ein del av verdsarvstaden førhistoriske pålebygningar kring Alpane.[1] En Praz des Gueux er den einaste førhistoriske busetnaden ved breidda av ein liten innsjø i kantonen Fribourg. Staden er datert til 4000-3500 fvt. og vart oppdaga på slump i 1971 i eit myrområde ved breidda av dagens Lac de Seedorf.

Kommunen består av landsbyen Noréaz og grenda Seedorf. Lac de Seedorf ligg i kommunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]