Nord-Tyskland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nord-Tyskland (tysk Norddeutschland) er eit geografisk område og eit språkområde innanfor forbundsrepublikken Tyskland som omfattar regionane nord for Uerdinger-linja. Området omfattar den nordlege delen av den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen, Sachsen-Anhalt og Brandenburg, og dessutan dei tyske delstatane Niedersachsen, Schleswig-Holstein, Hamburg, Bremen og Mecklenburg-Vorpommern.

Den nordtyske samkjensla kviler på eit felles naturlandskap i det nordeuropeiske låglandet, ei sams historie (mellom anna i Hansaforbundet) og kultur (t.d. arkitekturen), og det nedertyske språket og dei nedertyske dialektane.

Nord-Tyskland vert delt inn i naboregionane Nordvest-Tyskland og Nordaust-Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]