Nordahl Grieg videregående skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordahl Grieg videregående skole ligg i nærleiken av Lagunen haldeplass på bybanen.

Nordahl Grieg videregående skole er ein fylkeskommunal vidaregåande skule på Rå i Ytrebygda bydel i Bergen, opna i 2010. Skulen er namngjeve for å heidre diktaren og journalisten Nordahl Grieg (1902–1943), som var frå Bergen.

Skulen har ansvar for undervising i sosiale og medisinske institusjonar (SMI-skulen), og har ei eiga avdeling for elevar med spesielle behov og utfordringar knytet til nedsett høyrsle, ein knutepunktskule. Skulen tilbyr teiknspråk som 2. framandspråk som han einaste i fylket.

Skulen har inngått ei intensjonsavtale med Universitetet i Bergen om å vera praksisskule for forskning, og med NHO i forhold til å ha eit utstrakt samarbeid med næringslivet i Bergen. Skulen skal fokus på innovasjon, forskning og teknologi.

Skolebygningen er på 15000 rutemeter, med mellom anna idrettshall, kantine, bibliotek og eit stort såkalla læringstorg midt i bygningen, og dessutan fellesareal som elevane kan nytte til forsking og teknologi på tvers av utdanningsprogramma.

Undervisingstilbod[endre | endre wikiteksten]

Skulen tilbyr følgjande utdanninger i skuleåret 2016-2017.

  • Vg1 Helse- og oppvekstfaga
  • Vg1 Media og kommunikasjon (ny ordning)
  • Vg1 Studiespesialiserande
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaga
  • Vg2 Helsearbeidarfaga
  • Vg2 Media og kommunikasjon (gammal ordning)
  • Vg2 Studiespesialiserande
  • Vg3 Media og kommunikasjon, studieførebuing (gammal ordning)
  • Vg3 Studiespesialiserande
  • Vg3 Påbygg til generell studiekompetanse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]