Nordsotho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordsotho
(Sesotho sa Leboa)
Klassifisering: Niger-kongo
 Atlantisk kongo
  Volta-kongo
   Benue-kongo
    Bantoid
     Sørleg
      Bantuspråk
       Sørleg
        Sotho-tswana S.30
         Nordsotho
Bruk
Tala i: Flag of South Africa.svg Sør-Afrika
Område: Gauteng
Limpopo
Mpumalanga
Nordsothotalande i alt: 4 101 000 (2006)[1]
Skriftsystem: Latinsk
Normert av: Pan South African Language Board
Språkkodar
ISO 639-2: nso
ISO 639-3: nso
Wikipedia på nordsotho

Nordsotho (Sesotho sa Leboa) er eit bantuspråk eller ei språkgruppe som blir tala i Sør-Afrika, der det også er offisielt språk. Nordsotha har 4 208 940 talarar som hovudsakleg bur i provinsane Gauteng, Limpopo og Mpumalanga. Språket er ofte omtalt som sepedi, ettersom sepedi (eller pedi) er den mest utbreidde varianten. Det er også denne skrifspråket til nordsotho byggjer på. Den offisielle nemninga i dag er nordsotho.

Utbreiing av nordsothospråklege i Sør-Afrika.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Nordsotho er nært i slekt med sesotho eller sørsotho, setswana, kgalagadi og lozi.

Språket er delt inn i desse variantane:

  • Masemola (Masemula, Tau), Kgaga (Kxaxa, Khaga)
  • Koni (Kone)
  • Tswene (Tsweni)
  • Gananwa (Xananwa, Hananwa)
  • Pulana
  • Phalaborwa (Phalaburwa, Thephalaborwa)
  • Khutswe (Khutswi, Kutswe)
  • Lobedu (Lubedu, Lovedu, Khelobedu)
  • Tlokwa (Tlokoa, Tokwa, Dogwa)
  • Pai
  • Dzwabo (Thabine-Roka-Nareng)
  • Kopa
  • Matlala-Moletshi.

Desse er gjerne rekna som dialektar, men variantane pai,kutswe og pulana er såpass forskjellige at dei somme tider blir omtalt som «austsotho».

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Nordsotho er undervisingsspråk i grunnskulen. Det blir også send radio og fjernsynsprogram på språket.

Språkdøme[endre | endre wikiteksten]

Intervju på sepedi med tolking til engelsk, om spelet kgati, ei form for hoppetau.

Artikkel 1 frå Menneskerettsfråsegna:

Batho ka moka ba belegwe ba lokologile le gona ba na le seriti sa go lekana le ditokelo. Ba filwe monagano le letswalo mme ba swanetše go swarana ka moya wa bana ba mpa.[2]
(Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]