Noreg.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Noreg.no er ein vegvisar til innbyggjarretta digitale tenester (sjølvbeteningsløysingar) frå statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar.  Noreg.no skal gjere det enkelt å finne fram til informasjon om korleis ein kan kommunisere på nett med det offentlege, som å logge inn til digitale tenester og velje digital postkasse. Portalen gir ein enkel tilgang til digitale tenester frå det offentlege. Tenestene kan ein finne via søk eller temameny, eller ut frå ein aktuell livssituasjon.

Portalen har ein versjon på bokmål og nynorsk og ein på engelsk.

Ansvaret for Noreg.no ligg hos Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Direktoratet er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Internettportalen www.noreg.no vart lansert 24. januar 2000, etter at regjeringa og styret i KS hadde vedteke at det skulle etablerast ein felles inngang til offentleg informasjon på Internett. Redaksjonen for Noreg.no vart lokalisert i Leikanger i Sogn og Fjordane.

1. januar 2002 vart Opplysningstenesta i staten ein del av organisasjonen Noreg.no.

Noreg.no vart etablert som eit nasjonalt prosjekt administrert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Frå 1. januar 2005 vart Noreg.no ei eiga verksemd underlagt Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.[1] I tillegg til ansvar for portalen og svartenesta (opplysningstenesta) hadde Noreg.no ansvar for å utarbeide kvalitetskriterium for offentlege nettstader og ansvar for utvikling av Miside, som var ein felles inngang til elektroniske tenester frå det offentlege.

Frå 1. januar 2008 vart Noreg.no slegen saman med Statskonsult og E-handelssekretariatet til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

31. mai 2012 vart Miside lagd ned.[2] De fleste digitale tenestene (sjølvbeteningsløysingane) som låg på Miside, vart tilgjengelege via Noreg.no.

18. mars 2013 vart Noreg.no lagt om til å bli ein katalog over digitale tenester frå det offentlege. Svartenesta vart lagd ned frå same dato. 

15. januar 2015 vart en ny versjon av Noreg.no lansert. I tillegg til å innehalde digitale tenester frå det offentlege er Noreg.no hovudkanal for informasjon om korleis innbyggjarane kan skaffe seg ein digital postkasse og kommunisere på nett med det offentlege. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Noreg.no. Direktoratet for forvaltning og IKT (difi) (15. januar 2015). Vitja 24. februar 2015.
  2. Minside er historie, men noen tjenester lever videre. Direktoratet for forvaltning og IKT (difi) (29. mai 2012). Vitja 24. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]