Norsk Ordbog (1873)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For ordbøker med liknande namn, sjå Norsk ordbok (fleirtydingsside)

Norsk Ordbog : med dansk Forklaring er ei ordbok over norsk folkespråk, utarbeidd av Ivar Aasen og utgjeven i hefter i åra 1871-1873. Ho har om lag 40 000 oppslagsord. Siktemålet med boka var å framstille det norske språket slik at det kunne bli oppvurdert av nordmenn og utlendingar.

Aasen hadde i 1850 gitt ut Ordbog over det norske Folkesprog, og Norsk Ordbog hadde nesten dobbelt så mange oppslagsord, og var elles mykje omarbeidd. Aasen hadde arbeidd for å gjere ordforklaringane gode, og oppslagsorda var normerte strengt etter landsmålsnormalen han hadde sett opp i Norsk Grammatik (1864). Aasen tok med den sentrale delen av det norske ordtilfanget, men korkje framandord, støytande ord eller rare ord. Boka er rekna som ein grunnstein i målreisingsarbeidet til Aasen.

Norsk Ordbog er framleis mykje brukt av språkforskarar og språkinteresserte, og saman med Symra er ho den av bøkene til Aasen som har selt i størst opplag. Det kom nye opptrykk (med gotisk skrift) både i 1900, 1918, 1977 og 1983 (Fonna Forlag).

I 1997 kom ei elektronisk utgåve som byggjer på 1873-utgåva.

Kristoffer Kruken og Terje Aarset gav ut ei ny vitskapleg bokutgåve med latinsk skriftDet Norske Samlaget i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]