Norsk Grammatik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Titelblad (1864)

Norsk Grammatik, skriven av Ivar Aasen, er ein norsk grammatikk som vart utgjeven i 1864. Boka er ei omarbeidd utgåve av Det norske Folkesprogs Grammatik som kom ut i 1848. Aasen hadde no fått større innsikt i grammatisk teori. Det viktigaste var likevel at 1864-utgåva av Norsk Grammatik er ein normativ (føreskrivande) grammatikk for eit nytt skriftmål, ikkje som 1848-utgåva ein deskriptiv (skildrande) grammatikk for talemålet.

Aasen meinte at norske bygdemål sett under eitt inneheldt eit sjølvstendig språk. Formålet med grammatikken var å framstille grunnreglane i dette norske språket slik det vart tala då boka vart skriven. Aasen sette her opp det endelege framlegget sitt til normal for det nye landsmålet.

Grammatikken har fem avdelingar:

  • Lydlæra, ei forklaring over lydforrådet og uttalen.
  • Ordformene, dei grunnformene og endingane som gjer at vi kan skilje orda frå kvarandre.
  • Bøyingsformene, det vil seie dei grammatikalske formene orda får.
  • Orddanninga, om systemet ord vert danna etter.
  • Setningslæra, om korleis orda vert sette saman til setningar.

I to tilleggskapittel går han gjennom bygdemåla og landsspråket. Aasen meinte at den skriftelge forma av landsspråket burde «være den fuldkomneste, reneste og værdigste Form av Folkets Tale». Boka framstilte det norske folkespråket, men ho var skriven på dansk.

Litt om bøyingsformene[endre | endre wikiteksten]

Av boka på 390 sider er kapitlet om bøyingsformer det største, med meir enn 100 sider. Her er det berre plass til nokre døme på formene Ivar Aasen sette opp i grammatikken:

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Sterke hankjønsord:

Kasus ubunden, eintal bunden, eintal ubunden, fleirtal bunden, fleiral
Nominativ og akk. Dom Domen Domar Domarne
(Dativ) - (Dome) - (Domom)
Genitiv Doms - Doma -

Linne hankjønsord:

Kasus ubunden, eintal bunden, eintal ubunden, fleirtal bunden, fleiral
Nominativ og akk. Ende Enden Endar Endarne
(Dativ) - (Enda) - (Endom)
Genitiv Enda - (Enda) -

Sterke hokjønsord:

Kasus ubunden, eintal bunden, eintal ubunden, fleirtal bunden, fleiral
Nominativ og akk. Skaal Skaali(n) Skaaler Skaalerna
Dativ - Skaalenne - Skaalom
Genitiv Skaalar - Skaala -

Linne hokjønsord:

Kasus ubunden, eintal bunden, eintal ubunden, fleirtal bunden, fleiral
Nominativ og akk. Visa Visa(n) Visor Visorna
Dativ - Visonne - Visom
Genitiv Viso - (Viso) -

Inkjekjønsord utan ending og med ending på -e::

Kasus ubunden, eintal bunden, eintal ubunden, fleirtal bunden, fleiral
Nominativ og akk. Aar Aaret Aar Aari(n)
Dativ - Aare - Aarom
Genitiv Aars - (Aara) -

Inkjekjønsord som endar på -a:

Kasus ubunden, eintal bunden, eintal ubunden, fleirtal bunden, fleiral
Nominativ og akk. Auga Augat Augo Augo(n)
Dativ - Auga - Augom
Genitiv Auga (o?) - Augna -

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Kasus 1.person eintal 1.person fleirtal 2.person eintal 2.person fleirtal
Nominativ eg me du de
Objektiv meg oss deg dykk
Genitiv - (okkar) - dykkar
kasus 3.person hankjøn 3.person hokjøn 3.person inkjekjøn 3.person fleirtal
Nominativ han ho det (dat) dei
Objektiv honom henne det deim
Genitiv hans hennar dess deira

Verb[endre | endre wikiteksten]

Verba har fire framstillingsmåtar (modus),nemleg forteljande (indikativ), forbindande (konkunktiv), bedande (imperativ) og ubunden (infinitiv). Dei vert bøygde i tre tider; fortid (preteritum/imperfektum), samtid (presens) og framtid (futurum) og to talformer; eintal og fleirtal.

Dei sterke verba følgjer seks klasser etter lydskiftet i vokalen, her følgjer nokre døme:

kl. infinitiv presens eintal presens fleirt. imp. eintal imp. fleirtal supinum
1. finna finn finn fann funno funnet
. bresta brest bresta brast brosto brostet
2. sitja sit . sat saato setet
3. bita bit bita beit bito bitet
4. njota nyt njota naut nuto notet
5. fara fer . for foro faret
6. ganga (el. gaa) gjeng . gjekk gingo gjenget

Hovedmerket for dei svake verba er at dei i fortid endar på ein d som nokre gonger leggjast til rotstammen, andre gonger etter ein innskoten a (lag-de eller kast-a-de). Etter s, t, p, og k vert d'en omgjort til ein t, av og til òg etter r, l og n. I supinum endar dei på -t, i partisipp på -d.

Nokre døme:

kl. infinitiv presens eintal presens fleirt. imp. eintal imp. fleirtal supinum
1. telja tel telja talde talde talt
. tru trur . trudde . trutt
2. døma dømer døma dømde dømde dømt
. hava hever hava hadde hadde havt
3. kasta kastar kasta kasta kastade kastat

Konjunktivformene av desse verba er telje, døme, kaste; imperativformene i eintal tel!, døm! og kasta!.

Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Bøying av sterke og svake adjektiv i kjøn og tal i bunden og ubunden form:

Adjektiv hankj. eintal hokj. eintal inkjekj. eintal hankj.fleiral hokjøn fleirtal inkjekj. fleirtal
Ubunden form stor(er) stor stort store stora store
Bunden form store stora stora(e) store store store
Ubunden form open opi opet opne opna opne
Bunden form opne opna opna opne opne opne

Talord[endre | endre wikiteksten]

Talorda har eit fullstendig og eit enklare, meire alminneleg bøyingsmønster. Det alminnelege mønsteret:

. Hankjøn hokjøn inkjekjøn
1 ein ei eit(t)
2 tvo tvo tvau
3 tri tri try
4 fjore fjora fjore

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Aasen: Norsk Grammatik, Alb. Cammermeyers Forlag, 2. opl. 1899