Norske Tekstilkunstnere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norske Tekstilkunstnere
Skipa1977

Norske Tekstilkunstnere (NTK) er ein norsk interesseorganisasjon for biletkunstnarar som arbeider med tekstilkunst, det vera seg gjennom direkte bruk av tekstile materialar, teknikkar og uttrykk, eller som forheld seg til problemstillingar knytte til det tekstile mediet.

NTK driv SOFT galleri som ligg sentralt til i Kvadraturen i Oslo, i Rådhusgata 20. NTK driv òg kunstnaropphaldet AiR Green - Artist in Residence at Søndre Green farm. I tillegg gjennomfører dei fleire SOFT moments kvart år - ulike tekstile augneblunk rundt om i heile Noreg.

Historie og verksemd[endre | endre wikiteksten]

NTK blei oppretta i 1977 og er ein landsomfattande organisasjon og ein av dei 20 organisasjonane som har vore med i Norske Billedkunstnere frå byrjinga. Organisasjonen har rundt 200 medlemmar og kallar seg «kunstnarstyrt».

AIR Green[endre | endre wikiteksten]

AIR Green - Artist in Residence at Søndre Green farm er eit kunstnaropphald oppretta i 2016. Opphaldet er på Søndre Green gard som ligg rett ved Krøderen i Krødsherad kommune

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]