North Channel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Irskesjøen. North Channel ligg nord for Irskejøen, medan St. George's Channel ligg i sør.

North Channel (skotsk gælisk og irsk Sruth na Maoile) er eit sund mellom Nord-Irland og Skottland.

Den djupaste delen av sundet vert kalla Beaufort's Dyke. Sundet går mellom Irskesjøen i sør og Atlanterhavet i nord. Mange ferjesamband kryssar sundet. I 1953 var sundet åstad for eit alvorleg skipsforlis då ferja «Princess Victoria» sokk.

Det har lenge vore snakk om å byggje ein tunnel under sundet for å knyte Nord-Irland til resten av Storbritannia. I august 2007 la Centre for Cross Border Studies fram forslag om ein 34 km lang jernbanetunnel under eller bru over sundet med ei kostnadsrame på £3.5 milliardar[1] (om lag 33 milliardar kroner).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fastlandssamband til Nord-Irland, BBC News Scotland, 22. august 2007

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 55°03′N 5°37′W