Northey Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Northey Island er ei øy i estuaret til River Blackwater i Essex i England., Ho er knytt til den sørlege breidda av elva via ei vegfylling som er under vatn ved høgvatn. Øya ligg om lag 2 km aust for Maldon i Essex og 2 km vest for Osea Island.

Heile øya og delar av breidda nær vegfyllinga er no eit naturreservat. Øya er ikkje busett bortsett frå oppsynsmannen som passar på reservatet.

Ein meiner at slaget ved Maldon i 991 fann stad på den sørlege breidda, nær øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Northey Island

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°43′23″N 0°43′14″E