Estuar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Estuary-mouth.jpg

Eit estuar eller estuarium er eit delvis lukka vassområde ved kysten med fri opning til sjøen der ei eller fleire elvar munnar ut.[1] Eit estuar har ofte høg biologisk produktivitet.

Eit estuar er ofte tidvassmunningen til ei elv (aestus er latin for tidvatn) og er ofte utsett for avleiringar frå både elva og frå utaskjers. Dei består som regel av brakkvatn. Når havnivået stig i forhold til landområda kan ein stundom få danna rias eller fjordar der vatnet flaumer inn i dalar. Desse kan verte estuar om ei elv renn ut i dei. Store estuar, som Chesapeake Bay og Gironde-estuaret, har ofte fleire elvar som munnar ut i seg og dannar stundom kompliserte former. Estuar vert ofte gjeve namn som bukt, sund, fjord osv., men langt frå alle desse er estuar. I området der enorme vassmengder munnar ut i sjøen (som til dømes der Amazonaselva renn ut i Atlanterhavet) vert estuaret rekna for å strekke seg langt utfor kysten.

Estuarin sirkulasjon[endre | endre wikiteksten]

Estuarin sirkulasjon er vanleg i estuar. Dette oppstår når ferskt eller brakkvatn straumer ut nær overflata, medan tyngre og saltare vatn renn inn ved botn. Anti-estuarin straum er når det motsette skjer, der tyngre vatn stryømer ut nær botn og lettare vatn strøymer innover ved overflata. Dette uttrykket vert i oseanografi derimot òg nytta om andre stader enn i estuar, som i nesten lukka havområde.

Typar estuar[endre | endre wikiteksten]

Salt kile 
Vatnet frå elva dominerar over sjøvatn i estuaret og det er lite blanding. Dermed oppstår det eit skarpt skilje mellom ferskt overflatavatn og salt vatn på botn.
Kraftig lagdelt
Det kjem om lag like mykje vatn frå elva inn i estuaret som det kjem saltvatn frå sjøen. Turbulens fører til meir blanding av saltvatn oppover enn motsett.
Noko lagdelt
Det kjem mindre vatn frå elva enn frå sjøen. Her fører turbulens til balnding av heile vassøyla, slik at saliniteten varierer meir horisontalt enn vertikalt.
Vertikalt blanda
Vatn frå elva utgjer ein mykje mindre del enn vatnet som kjem inn frå sjøen, slik at ein kan sjå bort frå ferskvassbidraget. Ein har berre horisontal variasjon av saliniteten.
Omvendt estuar
Ein finn dette i området med kraftig fordamping. Ein får ikkje tilført ferskvatn og saliniteten aukar faktisk jo nærmare land ein kjem. Middelstraumen går innover ved overflata, vert pressa ned heilt innerst og straumer ut igjen langs botn.
Varierande estuar
Typen estuar varierer stort etter kor mykje ferskvatn som vert tilført og kan variere mellom dei andre typane som er nemnt over.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Estuar

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pritchard, D. W. (1967) What is an estuary: physical viewpoint. s. 3–5 in: G. H. Lauf (ed.) Estuaries, A.A.A.S. Publ. No. 83, Washington, D.C.
  2. M. Tomczak, «Oceanography Notes Ch. 12: Estuaries». Vitja 30. november 2006.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]