Norvegia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå lydskrifta Norvegia.
Norvegia
Norvegia Vellagret.JPG
Andre namn Norsk Gouda
Land Noreg Noreg
Produsent TINE
Mjølketype Pasteurisert kumjølk
Ostetype Løypeost
Konsistens Fast
Form Hjul og skorpefrie blokker
Mogning 3-15 månader
Nettstad www.norvegia.no

Norvegia, tidlegare Norsk Gouda[1], er ein norsk fast løypeost av Gouda-type ysta av pasteurisert kumjølk. Osten har ein mild, lett syrleg smak. Han vert produsert av meierisamvirket TINE, og er den mest selde osten i Noreg.[2]

TINE lagar osten i fleire ulike variantar. Norvegia Original inneheld 27 prosent feitt og er lagra i kring tre månader før han kjem i sal. Det vert også produsert lengre lagra utgåver av osten, kalla Norvegia Vellagret (9 månader) og Norvegia Ekstra Vellagret (15 månader). Den magrare Norvegia Lettere har 16 prosent feitt og fire månaders lagring, medan Norvegia Fyldig har 30 prosent feitt og er lagra i tre månader. I tillegg vert det laga ein økologisk variant med same feittprosent og lagringstid som Norvegia Original. Osten vert seld til forbrukarane i pakningar med stykke av ymse storleik, og i oppskiva og riven form.

Norvegia vert mykje nytta som pålegg, ofte skoren i tynne skiver med ostehøvel. Dei lengre lagra variantane vert gjerne skorne i bitar med kniv eller streng til osteanretningar. Norvegia vert også mykje nytta i matlaginga i Noreg, til dømes til gratinering, sausar og pizza.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Åge Stavran (1993) Sunnmøre meieri 75 år : 1918-1993, s. 88 – Sunnmøre Meieri, Ålesund.
  2. Norvegia. Opplysningskontoret for mjølk og mjølkeprodukt. Vitja 6. november 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]