Nouakchott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nouakchott
by
Land  Mauritania
Areal 1 035 995 244 km²
Folketal 1 077 169 (2016)[1]
Kart
Nouakchott
18°05′09″N 15°58′43″W / 18.08581°N 15.9785°W / 18.08581; -15.9785
Wikimedia Commons: Nouakchott

Nouakchott (arabisk نواكشوط‎, berbisk Nwakcoṭ) er hovudstaden og den største byen i Mauritania. Byen ligg på eit platå rundt 4 kilometer frå kysten av Atlanterhavet, i ytterkanten av Sahara.[2]

Nouakchott blei grunnlagd i 1903 langs handelsvegen mellom nord og sør, der nordområda var rike på mineral og sørområda var fruktbare med jordbruk.[2] Busetnaden var framleis på storleik med ein landsby då han blei gjort til mauritansk hovudstad 1957.[2] Periodar med tørke har ført til stor tilflytting til byen.[2]

Djupvasshamna nær byen, Port de l'Amité, blei bygd på 1980-talet.[3] Det blir drive eksport frå denne hamna av råolje og kopar.[2] Byen har også ein del industri, blant anna raffinering av sukker.[2] Nasjonalmuseet i landet, to større moskear og eit universitet frå 1981 ligg i Nouakchott.[2] Byen har også ein internasjonal flyplass.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.ons.mr/images/Archive/doc/publication/Annuaire_Statistique_2016.pdf.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «Nouakchott». Store norske leksikon (på norsk). 2. mars 2024. 
  3. «Harbor in Nouakchott Marks China-Mauritania Friendship». news.xinhuanet.com. 28. juli 2009. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 19. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nouakchott