Nueva Esparta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nueva Esparta
Geografisk plassering

Delstat i Venezuela

Hovudstad La Asunción
Flatevidd

 - Rangering i Venezuela

1 150 km²

23.

Folketal (2007)

 - Rangering i Venezuela
 - Folketettleik

436 900

20.
/km²

Grunnlagd 1909
Offisielle språk Spansk
Guvernør Morel Rodríguez
Nettstad www.guaiqueri.net
Flagg
Flagg

Estado Nueva Esparta er ein av dei 23 delstatane (estados) i Venezuela. Hovudstaden i delstaten er La Asunción.

I delstaten inngår øya Margarita, den langt største om mest vektige, dessutan øyane Coche og Cubagua, sistnemnte utan busette.

Denne staten er staten i Venezuela med minst areal og ligg utanfor nordaustre kysten av landet i Det karibiske havet. Dette er einaste øystaten i landet. Namnet, på norsk Ny-sparta, peikar til den venezuelianske frigjeringskrigen og heroismen som innbyggjarane på øyane synte. Det største urbane senter på hovudøya Margarita er Porlamar, jamvel om La Asunción er det administrative senter. Andre vektige byar er Juan Griego, hamnebyen Pampatar, Punta de Piedras, San Juan Bautista, Las Guevaras, Las Hernández, Villa Rosa, Bella Vista (Margarita) og El Valle del Espíritu Santo.

Politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Liste over dei 21 kommunane (spansk municipios) i Nueva Esparta:

Kommune Areal
km²
Folketal
Folketeljing
2001-10-21
Hovudstad
Division Politico Territorial Nueva Esparta.svg
Politisk inndeling av Nueva Esparta
Antolín del Campo 66 20,325 La Plaza de Paraguachí
Arismendi 55 23,097 La Asunción
Díaz 141 47,257 Parroquia San Juan Bautista
García 89 45,606 El Valle del Espíritu Santo
Gómez 91 30,237 Santa Ana
Maneiro 38 35,400 Pampatar
Marcano 43 28,256 Juan Griego
Mariño 39 84,534 Porlamar
Macanao1) 320 20,935 Boca de Río
Tubores2) 207 29,962 Punta de Piedras
Villalba3) 61 8,242 San Pedro de Coche
Nueva Esparta 1,150 373,851 La Asunción
Nueva Esparta 1,150 373.851 La Asunción
1) den vestre halvøya
2) inkludert øya Cubagua
3) saman med øya Coche


Flag of Venezuela.svg
Delstatar i Venezuela
Amazonas | Anzoátegui | Apure | Aragua | Barinas | Bolívar | Carabobo | Cojedes | Delta Amacuro | Falcón | Guárico | Lara | Mérida | Miranda | Monagas | Nueva Esparta | Portuguesa | Sucre | Táchira | Trujillo | Vargas | Yaracuy | Zulia