Nursultan Nazarbajev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nursultan Nazarbajev

Nursultan Abisjuly Nazarbajev (kasakhisk Нұрсұлтан Әбiшұлы Назарбаев), (fødd 6. juli 1940), er ein kasakhstansk politikar, og president i Kasakhstan sidan 1990.

Nursultan Nazarbajev vart fødd i ein bondefamilie i landsbyen Tsjemolgan i Alma-Ata oblast i sovjetrepublikken Kasakhstan. Han byrja å jobba for det sovjetiske kommunistpartiet i 1969 og i 1979 kom han med i sentralkomiteen i kommunistpartiet i Kasakhstan. I 1989 vart han førstesekretær for kommunistpartiet i Kasakhstan, og medlem av nasjonalforsamlinga i Sovjetunionen. I april 1990 vart han den første presidenten i Kasakhstan. 1. desember 1991 vart det for første gong heldt direkte presidentval i Kasakhstan. Nazarbajev vann med 98,7 % av røystene, og leia Kasakhstan til sjølvstende då Sovjetunionen vart oppløyst seinare same månaden. 29. april 1995 vart presidentperioden hans utvida til 2000 ved folkeavrøysting. 10. januar 1999 vart det heldt nye presidentval, denne gongen vann han med 79,8 % av røystene.

Som president i Kasakhstan har Nazarbajev ført ein balansert utanrikspolitikk og freista å oppretthalda gode forhold med både Russland og vesten. Han har opna Kasakhstan sine oljefelt for amerikanske oljeselskap, og har gjennomført ei viss økonomisk liberalisering. Politisk liberalisering har han gjennomført mindre av. Opposisjonen og pressa vert heldt under streng kontroll. Ifylgje Amnesty International har opposisjonspolitikarar vorte idømt fengselsstraff for fredeleg opposisjonsaktivitet.[1]

4. desember 2005 vart han vald som president for ein ny sjuårsperiode med 91,2 % av røystene. Valobservatørar frå Organisasjonen for Tryggleik og Samarbeid i Europa rekna ikkje valet som fritt og rettferdig, grunna trakassering og trugsmål mot opposisjonen og for strenge restriksjonar på opposisjonen sin valkamp.[2]

Nursultan Nazarbajev er gift med Sara Alpysovna Nazarbajeva og har tre døtrer.