Nyslott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå 1525 Savonlinna.

Koordinatar: 61°52′05″N 28°53′10″E

Nyslott
by
none
Land Flag of Finland.svg Finland
Region Östra Finlands län
Distrikt Södra Savolax
Areal 3 597,71 km²
Folketal 36 414
Savonlinna.sijainti.suomi.2013.svg

Nyslott eller Savonlinna) er ein by og kommune i Södra Savolax i Finland. Byen blei grunnlagd i 1639 av Per Brahe. Han er kjend for festningen St. Olafs slott (Olavinlinna), der Nyslotts operafestival blir halden kvar sommar.

Nyslott er ein finskspråkleg kommune som grensar til kommunene Enonkoski, Heinävesi, Kitee, Liperi, Rantasalmi, Ruokolahti, Rääkkylä, Sulkava og Varkaus. Han har rundt 36 414 innbyggjarar og dekkjer 3 597 km² etter at han blei slått sammen med Savonranta kommune 1. januar 2009. 1. januar 2013 blei også Kerimäki og Punkaharju slått saman med Nyslott.

Byen er bygd på holmar og oddar i Saimaa-sjøsystemet. Han ligg ved innsjøen Pihlajavesi i landskapet Savo, 9 mil nordaust for Mikkeli. Han voks opp rundt St. Olavsslottet, som var svensk grensefestning mot aust. Byen var under russisk styre 1714-1721 og frå 1743-1812.

Nyslott er ein skuleby og har tre- og lêrindustri. Turisttrafikken er også svært viktig, med den internasjonale operasfestivalen som ei viktig årleg hending.

Sidan 2000 har ein også halde årlege verdsmeisterskap i mobiltelefonkasting Mobile Phone Throwing World Championships.[1]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nyslott

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisiell nettstad for VM i mobiltelefonkasting
  • Savonlinna (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. februar 2014.