Saimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saimen
Saimen - Saimen sett frå Joutseno ein sommarkveld.
Saimen sett frå Joutseno ein sommarkveld.
Koordinatar 61°15′N 28°15′E
Utsig Vuoksen, Saimaa-kanalen
Tilknytte land Finland
Overflateareal 4 400 km²
Vassvolum 36 km³
Høgd over havet 82 m
Busetnadar Villmanstrand, Imatra, Nyslott, S:t Michel

Saimen (finsk Saimaa) er den største innsjøen i Finland, og den femte største i Europa. Han har eit areal på 4 400 km², og det største opne området har eit areal på 1 377 km². Innsjøen ligg i den søraustre delen av landet, frå Villmanstrand og nordover. Av byar langs innsjøen finn ein mellom anna Villmanstrand, Imatra, Nyslott og S:t Michel. Øyane ligg tett i tett i det meste av innsjøen, og enkelte stader er det berre smale kanalar som knyter dei forskjellige delane av innsjøen saman. Kvar del av Saimen har sitt eige namn, slik som Orivesi, Puruvesi, Haukivesi, Yövesi og Pihlajavesi.

Eit bilete av Saimen

Mesteparten av vatnet i Saimen kjem frå Pielis älv, medan vatnet vidare renn ut i elva Vuoksen og i Saimaa-kanalen. Elva Vuoksen tar vatnet vidare til innsjøen Ladoga i Russland, den største innsjøen i Europa.

Saimen er spesielt kjend for ein eigen underart av ringsel, Pusa hispida saimensis, som er etterkommarar som vart att i Saimen då landet steig såpass at sambandet til Austersjøen vart kutta for Saimen.

Saimaa-kanalen går frå Villmanstrand til Viborg, han vart opna i 1856, og stengd etter vinterkrigen i 1940, då halve kanalen kom på russisk side av grensa. Deretter var kanalen open under fortsetjingskrigen, frå 1942 til 1944. Etter iherdig finsk diplomatisk innsats vart kanalen opna for trafikk att i 1968, men då hadde kanalen mista mykje av posisjonen han hadde før krigen.

Satellittbilete med Saimen framheva og grensa mellom Finland og Russland avmerkt.